Kva har eg rett på?

Svar på nokre spørsmål om retten til å nytta og møta nynorsk i Noreg.

Har eg rett til å skriva nynorsk på jobb?

Internt:

Det finst ikkje reglar som regulerer intern målbruk i arbeidslivet, verken i privat eller offentleg sektor. Det vil vera å strekkja styringsretten til arbeidsgjevar langt å nekta nokon å bruka si eiga målform i internkommunikasjon, og det er vanskeleg å sjå nokon god motivasjon for det. Men det er ikkje noko klart ja- eller nei-svar på dette spørsmålet. 

Eksternt:

Om du jobbar i det private eller i kommunen, må du sjekka om det finst retningslinjer for målbruk, og kva dei i så fall går ut på. Der det ikkje finst retningslinjer, er det opp til arbeidsgjevaren din å avgjera målbruk overfor publikum. Om du jobbar i staten, er statsorganet ditt bunde av mållova og kan i tillegg ha interne reglar for korleis fordelinga mellom skriftspråka skal praktiserast. 

Har eg rett på å få informasjon på nynorsk som kunde eller brukar?

Staten:

Staten er bunden av reglar for målbruk gjennom mållova. Statsorgan skal svara deg på nynorsk så sant du har vendt deg til dei på nynorsk fyrst, og du har òg rett til å få skjema og faste formular på ditt eige språk. Hugs òg å registrera deg i Kontakt- og reservasjonsregisteret, der statsorgan kan henta informasjon om målønske. Du finn meir informasjon om mållova hos Språkrådet.

Kommunen:

Kommunar og fylkeskommunar er ikkje bundne av reglar for målbruk. Det er opp til kommunen å avgjera kva målform han vil bruka, også i korrespondanse med einskildpersonar.

Privat næringsliv:

Det private næringslivet er ikkje bunde av reglar for målbruk. Private føretak kan dermed avgjere målbruken sin sjølv.