aktuelt

10 år med Nynorskstafetten

Nynorskstafetten skapar glede for store og små. Her frå 2014 på Riple skule i Fana.

Denne veka legg Noregs Mållag og Norsk Målungdom igjen ut på ein ny nynorskstafett. I år er tiande året med stafett, og for nokre år det har vore!

Vi har reist på kryss og tvers i Noreg med skiftande stafettbilar og skiftande mannskap. Starten på Nynorskstafetten var i Språkåret 2013. Då feira Noregs Mållag og Norsk Målungdom Ivar Aasen med å reise på Nynorskstafett i godt over 150 dagar. Seinare har det blitt om lag 3 veker kvar haust.

Nynorskstafetten handlar om å snakke om nynorsk med ordførarar, kommunedirektørar, oppvekstsjefar, tilsette i barnehagar og på skular, med ungdomsråd, på bibliotek og med lokalt næringsliv for å nemne nokre. På kvelden er det mållagsmøte med lokale mållag.

– For Mållaget er dette eit svært godt høve til å få snakka direkte med mange som er svært viktige for nynorsk skriftspråk i det daglege. Det er viktig for oss at nynorsken er i bruk og at kommunane ser kor viktige dei er for skriftspråket i lokalsamfunnet, fortel Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag.

Fyrste stafettveka er det dagleg leiar Gro Morken Endresen og Per Henning Arntsen frå Noregs Mållag, og Synne Solberg, nestleiar i Norsk Målungdom som er i bilen. Denne fyrste nynorskstafettveka vil også den suksessrike nynorskforfattaren Maria Parr møte elevar i Lom, Skjåk og Vågå og Svein Olav Langåker, dagleg leiar i LNK, vil vere med på nokre av dagane.

I 2023 skal Nynorskstafetten innom Nord-Fron, Sør-Fron, Sel, Vågå, Skjåk, Lom, Dovre, Lesja, Rennebu, Melhus, Skaun, Orkland, Tingvoll, Gjemnes, Sunndal, Surnadal, Aukra, Hustadvika og Molde.