aktuelt

10-årsdag for Grunnlova på nynorsk

Det var kakefest på Skrivarstova for å feira10-års jubileum for nynorsk grunnlov. Foto: Noregs Mållag

Måndag 6. mai er det 10 år sidan Stortinget vedtok Grunnlova på nynorsk. 

– At Noreg fekk Grunnlova på begge dei norske språka, var ei historisk hending og stadfesta at Noreg har to jamstilte språk, seier Live Havro Bjørnstad, nestleiar i Noregs Mållag. 

Heilt fram til røysting den 6. mai 2014 var det stor spenning om det ville bli nok røyster for nynorsk grunnlov. Det enda med 168 av 169 røyster for.

Noregs Mållag og Løvebakken Mållag, lokallaget til Mållaget på Stortinget, markerte  10-årsdagen med kakefest, med Live Havro Bjørnstad, nestleiar i Mållaget, og Sveinung Rotevatn (V), leiar i Løvebakken Mållag, i spissen. 

– Grunnlova vart betre språkleg og meir inkluderande ved å kome på nynorsk. No er neste steg å grunnlovfeste dei norske språka, nynorsk og bokmål, seier Sveinung Rotevatn.

Dette var ei av hovudsakene på landsmøtet i Noregs Mållag i april. Mållaget vil no grunnlovfeste norsk som nasjonalt hovudspråk med jamstillinga mellom nynorsk og bokmål. Eit slikt framlegg må fremjast i denne stortingsperioden for at det neste Stortinget skal kunne handsame saka.