aktuelt

100-årsjubileum for Nynorsk salmebok

I 2025 er det hundre år sidan Nynorsk salmebok vart gjeven ut. Den nynorske salmeboka fekk svært mykje å seie for nynorsk som kyrkjemål og for nynorsken som samfunnsberande språk. 

Noregs Mållag vonar at dette hundreårsjubileet kan opne for mange markeringar der dei nynorske salmane og allsongen kan få hovudrolla. 

Nynorsk salmebok vart laga av biskop Bernt Støylen, sokneprest Anders Hovden og biskop Peter Hognestad og dei brukte fire år på arbeidet. Boka hadde 711 salmar på nynorsk og salmar på bokmål.

Salmene til Elias Blix var allereie mykje brukt i kyrkjene. Målfolket hadde vona å få til ei felles salmebok, men når det ikkje vart tok Samlaget initiativ til å lage ei eiga nynorsk salmebok. 

Boka vart ein skikkeleg suksess. Ho vart brukt i nynorskområde i bortimot 60 år, og på det meste i etterkrigstida, vart ho brukt av knapt ein tredjedel av kyrkjesogna i Noreg. Les den interessante soga om Nynorsk salmebok skriven av Per Halse i Store Norske Leksikon.

Markering av jubileet 
Noregs Mållag og Nynorsk kultursentrum går saman med Kyrkjerådet om ei jubileumsnemnd. 

Lokale markeringar
Både lokale mållag, kor, kyrkjer, prestar, menigheiter og sokneråd vert oppmoda om å invitere til allsongkveldar med songar frå den nynorske salmeskatten eller å markere jubileet i ei gudsteneste. 

Kontaktperson hjå Mållaget:
Hege Lothe, informasjons- og organisasjonsrådgjevar,
e-post: hege.lothe@nm.no eller telefon 92 64 83 48