120 ordførarar støttar opprop om ei betre opplæringslov
Éin av tre norske ordførarar har skrive under eit ordføraropprop for å sikre nynorskkrav til læringsressursar laga for bruk i skulen.
– For nær 50 år sidan vedtok Stortinget at lærebøkene skulle kome til same tid og pris. Dette prinsippet står framleis fast, men i dagens digitale skulekvardag må dette prinsippet fornyast til også å gjelde læringsressursar som er laga for bruk i opplæringa, seier Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag.
– Vi er svært glade for at 120 ordførarar frå både nynorsk-, bokmåls-, og språknøytrale kommunar stiller seg bak oppropet for like vilkår for nynorsk- og bokmålselevar, seier Sara Sekkingstad, ordførar i Alver kommune og leiar i Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK), som peikar på at situasjonen i nynorskklasseromma er svært alvorleg.
Ordførarane representerer heile den politiske breidda frå Frp, H, KrF, Venstre, Sp, Ap og SV og heile Noreg.
– No vonar vi desse ordførarane vert lytta til. Dei fleste representerer Ap og Sp, så regjeringspartia bør merke seg kravet frå sine eigne. Dette vil ha mykje å seie for nynorskopplæringa i framtida, slår Peder Lofnes Hauge fast.
Utdanningskomiteen skal dei næraste dagane skrive innstillinga, og saka blir truleg avgjort i løpet av mai.
For meir informasjon:
Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag, e-post: peder.hauge@nm.no
Sara Hamre Sekkingstad, ordførar i Alver kommune og leiar i Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK), 456 07 474, e-post: sara.sekkingstad@alver.kommune.no
***
Ordføraroppropet:
Den nye opplæringslova er ikkje god nok for lærarane og nynorskelevane. Språkdeling i ungdomsskulen og krav om nynorske skriveprogram er veldig bra, men situasjonen i nynorskklasseromma er så alvorleg at utan endringar i Stortinget vil den nye opplæringslova føre til svært ulike læringsvilkår mellom nynorsk- og bokmålselevane.
Difor ber vi Stortinget leggje «læringsressursar som er laga for bruk i opplæringa» inn under parallell-kravet om bokmåls- og nynorskversjon. Berre slik kan nynorskelevane få ein skulekvardag på språket sitt.
Desse har skrive under på ordføraroppropet:
| Sara Hamre Sekkingstad | Alver kommune | Sp |
| Ole André Klausen | Askvoll kommune | H |
| Odd Jørgen Nilssen | Aukra kommune | H |
| Trygve Skjerdal | Aurland kommune | Sp |
| Morten Storebø | Austevoll kommune | H |
| Per Lerøy | Austrheim kommune | Ap |
| Ingrid Ovidie Rangønes | Averøy kommune | Ap |
| Trine Lindborg | Bjørnafjorden kommune | Ap |
| Osmund Våga | Bokn kommune | Sp |
| Anne Kristin Førde | Bremanger kommune | Ap |
| Eilif Trælnes | Brønnøy kommune | Sp |
| Sigbjørn Åge Fossdal | Bygland kommune | Ap |
| Jan Dagfinn Dalen | Bykle kommune | Ap |
| Sammy Olsen | Bømlo kommune | Sp |
| Astrid Skomakerstuen | Dovre kommune | Uavhengig (tidl.Ap) |
| Tor Peder Lohne | Drangedal kommune | Sp |
| Anders Vatle | Eidfjord kommune | Sp |
| Mette Heidi B. Ekrheim | Etne kommune | Sp |
| Linda Mæhlum Robøle | Etnedal kommune | Sp |
| Arnt Abrahamsen | Farsund kommune | Ap |
| Stian Herøy | Fedje kommune | H |
| Harald Rydland | Fitjar kommune | Krf |
| Kjetil Høgseth Felde | Fjaler kommune | Sp |
| Eva Hove | Fjord kommune | Ap |
| Torbjørn Klungland | Flekkefjord kommune | Frp |
| Oddvar Garaas | Flesberg kommune | Sp |
| Merete H. Gandrud | Flå kommune | Ap |
| Erik Skjervagen | Fyresdal kommune | Ap |
| Anette Musdalslien | Gausdal kommune | Sp |
| Harry Valderhaug | Giske kommune | Krf |
| Knut Sjømæling | Gjemnes kommune | Sp |
| Anders Østensen | Gjerdrum kommune | Ap |
| Frode Fjeldsbø | Gjesdal kommune | Ap |
| Leidulf Gloppestad | Gloppen kommune | Sp |
| Herbrand Jegleim | Gol kommune | Sp |
| Hallvard Oppedal | Gulen kommune | Sp |
| Einar Busterud | Hamar kommune | By- og bygdelista |
| Bernt Brandal | Hareid kommune | Folkelista |
| Arne-Christian Mohn | Haugesund kommune | Ap |
| Pål Rørby | Hemsedal kommune | Sp |
| Bjørn-Halvor Prytz | Herøy kommune | Ap |
| Anita Husøy Riskedal | Hjelmeland kommune | Sp |
| Tove Henøen | Hustadvika kommune | Sp |
| Kjell Eide | Hyllestad kommune | Ap |
| Margrethe Handeland | Hægebostad kommune | Sp |
| Petter Sortland | Høyanger kommune | Ap |
| Jonas Skrettingland | Hå kommune | Krf |
| Jarle Nilsen | Karmøy kommune | Ap |
| Ola Teigen | Kinn kommune | Ap |
| Torgeir Næss | Kvam herad | Ap |
| Per Sverre Kvinlaug | Kvinesdal kommune | KrF |
| Hilde Enstad | Kvinnherad kommune | Ap |
| Bjørn Nordskog | Kviteseid kommune | Sp |
| Stian Giil Bjørsvik | Kvitsøy kommune | Krf |
| Mariann Skotte | Lesja kommune | Sp |
| Bjarne Eiolf Holø | Lom kommune | Sp |
| Ivar Kvalen | Luster kommune | Sp |
| Audun Mo | Lærdal kommune | Ap |
| Karstein Totland | Masfjorden kommune | H |
| Siri Blichfeldt Dyrland | Midt-Telemark kommune | Sp |
| Kjetil Eikefet | Modalen kommune | Samlingslista |
| Bengt-Magne Luneng | Målselv kommune | Sp |
| Knut Arne Fjelltun | Nord-Aurdal kommune | Sp |
| Anne Marie Olstad | Nord-Fron kommune | Ap |
| Ragnhild Haagenrud Moen | Nord-Odal kommune | Sp |
| Lars Fjeldstad | Osterøy kommune | Sp |
| Anne Kristine Grøtting | Porsgrunn kommune | Sp |
| Jarle Bø | Randaberg kommune | Sp |
| Yvonne Wold | Rauma kommune | SV |
| Inger Monsen | Rødøy kommune | Bygdeliste |
| Knut Harald Frøland | Samnanger kommune | Bygdalista |
| Olav Myklebust | Sande kommune | Sp |
| Asbjørn Birkeland | Sauda kommune | Sp |
| Eldri Siem | Sel kommune | Sp |
| Sondre Aasan | Seljord kommune | Sp |
| Edel Kveen | Skjåk kommune | Sp |
| Arnstein Menes | Sogndal kommune | Sp |
| Jonas Andersen Sayed | Sokndal kommune | Krf |
| Gunn Åmdal Mongstad | Solund kommune | Sp |
| Gunnar Silden | Stad kommune | V |
| Gaute Straume Epland | Stord kommune | Ap |
| Even Moen | Stor-Elvdal kommune | Sp |
| Jan Ove Tryggestad | Stranda kommune | Sp |
| Per Kjøllesdal | Stryn kommune | Sp |
| Jim Arve Røssevoll | Sula kommune | Ap |
| Gerd Helen Bø | Suldal kommune | Sp |
| Jenny Følling | Sunnfjord kommune | Sp |
| Margrethe Svinvik | Surnadal kommune | Sp |
| Linn Therese Erve | Sveio kommune | Ap |
| Odd Jostein Drotninghaug | Sykkylven kommune | Sp |
| Liv-Marit H. Reitan | Sømna kommune | Sp |
| Marit Hougsrud | Sør-Aurdal kommune | Sp |
| Ole Tvete Muriteigen | Sør-Fron kommune | Sp |
| Andreas Vollsund | Time kommune | H |
| Arne Magnus Aasen | Tingvoll kommune | Krf |
| Jarand Felland | Tokke kommune | Sp |
| Bjørnar Tollan Jordet | Tolga kommune | SV |
| Erik Sletten | Trysil kommune | Sp |
| Kåre Martin Kleppe | Tysnes kommune | H |
| Sigmund Lier | Tysvær kommune | Ap |
| Roald Aga Haug | Ullensvang kommune | Ap |
| Knut Erik Engh | Ulstein kommune | Frp |
| Hans Petter Thorbjørnsen | Ulvik herad | Ap |
| Marte Eide Klovning | Utsira kommune | Utsira fellesliste |
| Hege Eide Vik | Vaksdal kommune | Sp |
| Steinar Kyrvestad | Valle kommune | Ap |
| Vidar Eltun | Vang kommune | Ap |
| Lena Landsverk Sande | Vanylven kommune | V |
| Haldor Ødegård | Vestre Slidre kommune | Sp |
| Torhild Haugann | Vevelstad kommune | Bygdeliste |
| Roy Egil Stadheim | Vik kommune | Ap |
| Ole Johan Vierdal | Vindafjord kommune | Sp |
| Jon Rikard Kleven | Vinje kommune | Sp |
| Sølvi Dimmen | Volda kommune | Sp |
| Hans-Erik Ringkjøb | Voss herad | Ap |
| Stein Aam | Ørsta kommune | Sp |
| Odd Erik Holden | Øystre Slidre kommune | Sp |
| Solveig Vestenfor | Ål kommune | Ap |
| Eva Vinje Aurdal | Ålesund kommune | Ap |
| Hilmar Høl | Årdal kommune | Ap |
| Inger Lise Lund Sulien | Åseral kommune | Ap |