Utmerkingar og stipend

Kvart år deler Noregs Mållag ut fleire prisar og stipend for godt nynorskarbeid.

Nynorsk barnelitteraturpris

Nynorsk barnelitteraturpris har blitt delt ut sidan 1968. Det er ein eigen jury for barnelitteraturprisen. Prisen er på 30 000 kroner.

2019 Marianne Gretteberg Engedal, Pølsetjuven, Samlaget

2018 Kari Stai, Jakob og Neikob og Alle Andre, Samlaget

2017 Maria Parr, Keeperen og havet, Samlaget

2016 Anders Totland, Engel i snøen, Gyldendal 

2015 Marit KaldholZweet, Samlaget

2014 Lars MæhleLandet under isen. Dødeboka, Samlaget

2013 Erna Osland, Nasevis, Det Norske Samlaget 

2012 Anna Rommetveit FolkestadUnni og Gunni reiser, Det Norske Samlaget 

2011 Asbjørn RydlandMed eld i hjartet, Det Norske Samlaget

2010 Vegard MarkhusTimothy mister seg sjølv, Aschehoug

2009 Maria ParrTonje Glimmerdal, Det Norske Samlaget

2008 Sissel HorndalHimmelspringaren, Mangschou

2007 22 bidragsytarar, Godnattboka, Skald forlag

2006 Ragnar HovlandFredlaus, Det Norske Samlaget

2005 Maria ParrVaffelhjarte, Det Norske Samlaget

2004 Arnfinn KolerudDen som ikkje har gjøymt seg no, Det Norske Samlaget

2003 Hilde K. KvalvaagHjarteklapp, Det Norske Samlaget

2002 Hans Sande og Gry Moursund (illustratør), Arkimedes og rulletrappa, Gyldendal

2001 Torvald SundKnivkastarens son, Det Norske Samlaget

2000 Bjørn SortlandDen blå, blå himmelen, Det Norske Samlaget

1999 Dag HelleveKubanaren, Det Norske Samlaget

1998 Sissel Horndal, Ei halspastillhistorie, Det Norske Samlaget

1997 Olav Norheim og Mikael HolmbergBilde i berg, Det Norske Samlaget

1996 Guri VesaasMartin og bestefar, Det Norske Samlaget

1996 Arnfinn KolerudBerre ikkje brøytepogen kjem, Det Norske Samlaget

1995 Erna Osland, Matti og den store stjernepassaren, Det Norske Samlaget

1994 Bjørn Sortland, Himmelkyss, Det Norske Samlaget

1993 Ragnar HovlandBjørnen Alfred og hunden Samuel forlèt pappkartongen, Det Norske Samlaget

1992 Rune BelsvikKjærleiken er eit filmtriks, Det Norske Samlaget

1991 Torvald Sund, serien Lesehesten: Plommeslang (1989), Vettskremt (1990), Skrømt (1991), Aschehoug

1990 Rønnaug Kleiva, Plutseleg no, Det Norske Samlaget

1989 Jon Fosse/Alf Kåre Berg (illutratør), Uendeleg seint, Det Norske Samlaget

1988 Liv Marie AustremRunar vart 17 år, Det Norske Samlaget

1987 Guri Vesaas, for arbeid med nynorsk barnelitteratur

1986 Ragnar Hovland, Sjømannen, tante Elida og dei største eventyr, Eide Forlag

1985 Tor ObrestadKamelen i Jomarskogen, Gyldendal

1984 Sissel Solbjørg Bjugn, Handa i buret, Det Norske Samlaget

1983 Olav H. Hauge og Wenche ØyenRegnbogane, Det Norske Samlaget

1982 Jens Graasvoll, Songboka mi, Det Norske Samlaget

1981 Ragnar Hovland,Den flygande sykkelen, Det Norske Samlaget

1981 Torvald SundAnselm reineigaren, Det Norske Samlaget

1980 Arvid Hanssen, Den store båra, Cappelen

1979 Rune Belsvik, ..ingen drittunge lenger..., Aschehoug

1978 Arvid HanssenKaldt hav, Norsk Barneblad

1977 Øyvind DybvadHåkon Hestekar gjennom eld og vatn, Noregs Boklag

1977 Magnhild GravirDen rare dagen,

1976 Ikkje delt ut

1975 Ikkje delt ut

1974 Einar ØklandDet blir alvor, Det Norske Samlaget

1973 Ikkje delt ut

1972 Jan Magnus Bruheim, Syskinringen og andre barnedikt 

1972 Albert OlafssonIslandske eventyr 

1971 Eli Oftedal, for omsetjing av bøker til nynorsk

1970 Johannes Farestveit, for omsetjing av bøker til nynorsk

1969 Jan Magnus BruheimGrashoppa og andre eventyr

1968 Jørgen StangRise Rugge Småttomsenn

Nynorsk litteraturpris 

Nynorsk litteraturpris vert delt ut saman med Samlaget og Det Norske Teatret. Denne prisen vart delt ut første gong i 1982. Det er ein eigen jury for litteraturprisen. Prisen er på 30 000 kroner. 

2019 Jon Fosse, Det andre namnet, Samlaget

2018 Brit Bildøen, Tre vegar til havet, Samlaget

2017 Olaug Nilssen, Tung tids tale, Samlaget

2016 Ruth Lillegraven, Sigd, Tiden Norsk Forlag 

2015 Eirik IngebrigtsenSpikrar frå fallande plankar, Forlaget Oktober

2014 Lars Petter Sveen, Guds barn, Aschehoug

2013 Sigrun SlapgardEnglestien, Det Norske Samlaget 

2012 Lars Amund Vaage, Syngja, Forlaget Oktober 

2011 Marit EikemoSamtale ventar, Det Norske Samlaget

2010 Jan Roar LeikvollFiolinane, Det Norske Samlaget

2009 Kjartan FløgstadGrense Jakobselv, Gyldendal

2008 Gunnhild ØyehaugVente, blinke, Kolon

2007 Frode GryttenRom ved havet, rom i byen, Samlaget

2006 Eilev Groven MyhrenRingdrotten, omsetjing, Tiden Norsk Forlag

2005 Øyvind VågnesEkko, Tiden Norsk Forlag

2004 (ikkje delt ut)

2003 Jon FosseAuge i vind, Det Norske Samlaget

2002 Inger BråtveitMunn mot ein frosen fjord, Tiden Norsk Forlag

2001 Ragnar Hovland, Ei vinterreise, Det Norske Samlaget

2000 Rune BelsvikEin naken gut, Det Norske Samlaget

1999 Åse Marie NesseDikt i samling (1999), gjendikting av Faust (1993, 1999), Mitt hjarte slo, 1999, Det Norske Samlaget og Aschehoug

1998 Brit BildøenTvillingfeber, Det Norske Samlaget

1997 Marie TakvamDikt i samling (1952-97), Det Norske Samlaget

1996 Oddmund HagenUtmark, Det Norske Samlaget

1995 Lars Amund VaageRubato, Forlaget Oktober

1994 Solfrid SivertsenGrøn koffert, Det Norske Samlaget

1993 Einar Økland, I staden for roman og humor, Det Norske Samlaget

1992 Jon Fosse, Bly og vatn, Det Norske Samlaget

1991 Marit Tusvik, Ishuset, Aschehoug

1990 Liv NystedSom om noe noengang tar slutt, Det Norske Samlaget

1989 Helge TorvundDen monotone triumf, Det Norske Samlaget

1989 Arthur Arntzen, heiderspris

1988 Johannes HegglandMeisterens søner, Tiden Norsk Forlag

1987 Edvard HoemAve Eva, Oktober

1986 Kjartan Fløgstad, Det 7. klima, Det Norske Samlaget

1985 Paal Helge HaugenDet overvintra lyset, Det Norske Samlaget

1984 Alfred HaugeSerafen, Gyldendal

1983 Kjartan FløgstadU3, Det Norske Samlaget

1982 Eldrid Lunden, Gjenkjennelsen, Det Norske Samlaget

Målprisen

Målprisen har blitt delt ut kvart år sidan 2000, og blir gjeven til folk og institusjonar som har gjort ein ekstra viktig innsats for nynorsken. Prisen vert delt ut kvart år, og på landsmøtet i Mållaget i landsmøteår. Det er styret i Noregs Mållag som avgjer kven som får utmerkinga.

2019 Kjersti Wøien Håland og Hege Hauff Hvattum, for ungdomsserien Lovleg.

2018 Magni Øvrebotten, for hennar avgjerande arbeid for å halde på NRK Sogn og Fjordane som sjølvstendig distriktskontor og opprettinga av NRK Nynorsk mediesenter.

2017 Gard Steiro, for å ha opna for nynorsk på redaksjonell plass i VG. 

2016 Kristin Sørsdal, for omsetjingsarbeidet med Napoli-kvartetten av Elena Ferrante.

2014 NRK Super, for systematisk satsing på språkleg variasjon, mangfald og ulike produksjonsstader.

2013 Linda Eide, for å vere kul og morosam på eine sida, men med djupt alvor argumentere for nynorsk når ho vert intervjua i aviser og blad.

2012 Jon Fosse, ein av vår tids viktigaste norske forfattarar. Tekstane hans er omsette til over 40 språk, og skodespela er sette opp meir enn 700 gonger over heile verda.

2011 Yngvar Andersen, for medviten bruk av nynorsk på treningssenteret Mykjemeir og i NRK.

2010 Universitetet i Bergen, for å ta eit nasjonalt ansvar for nynorsken – noko som er avgjerande for nynorsk som akademisk språk.

2009 Magnhild Meltveit Kleppa, for utan slike som henne ville nynorsken ha stått mykje veikare i samfunnet.

2008 Halvor Folgerø og Finn Tokvam, for å ha drive med nynorsk alvor og skjemt i eit par tiår alt.

2007 Arne Johannessen, for å gjera nynorsk synleg som bruksspråk.

2006 Olaug Nilssen, for å ha markert seg som ein flott frontkjempar for retten til å få skriva nynorsk i dei store Osloavisene.

2005 Kjartan Fløgstad, for sitt brennande engasjement for nynorsken gjennom mange år.

2004 Are Kalvø, for å ha fornya den norske satiren, og ha gjort det på nynorsk.

2003 Ola Jonsmoen, for hans breie engasjement i samfunns- og kulturliv og hans arbeid for nynorsk.

2002 Kari og Ivar Medaas, for den store kulturinnsatsen dei har gjort for norsk språk og kultur.

2001 Hellbillies, for konsekvent bruk av hallingmålet i songane og nynorsk i skrift.

2000 Opera Software, for å ha utvikla nynorsk programvare.

2000 Guri Vesaas, for kvalitet, seriøsitet og engasjement for nynorsk barnelitteratur.

Målblome

Målblome blir gjeven til folk som har gjort ein god innsats for nynorsken. Det er styret i Noregs Mållag som avgjer kven som får utmerkinga.

2018 Aftenposten

2018 Bø blad

2017 Eigedomsmegler1 Jærmegleren

2016 Haukeland universitetssjukehus

2014 Martin Kolberg

2011 Anne-Margrethe Eidhammer

2010 Bjerkem Natur og Kultur

2009 Ole Danbolt Mjøs

2008 Lise Lunde Nilsen

2008 Terje Torkildsen

2007 Lars Moa

2006 ANB

2006 Blåmann Barnebokklubb

2005 Monica Mæland og Herman Friele

2005 ABC Startsiden og Espen Udland

2005 Reza Rezaee

2004 Dagsavisen

2004 Geir Grav

2004 Torill Tørjesen

2003 Sigurd Haugsgjerd

2002 Inger Lise Stulien

2002 Jan E. Isachsen og Gro S. Ihler

2002 Jon Grepstad

2001 Jonny Bråtveit

2001 Bjarne Hugo Hansen

2000 Gaute Hvoslef Kvalnes

Nynorskstipend

Noregs Mållag lyser kvart år ut to nynorskstipend på 50 000 kr, eitt til ei kvinne og eitt til ein mann. Stipenda skal gå til prosjekt som fremjar nynorsk på område der han frå før er lite brukt. Prispengane er ei løyving frå Kulturdepartementet.

Stipendet er eit arbeidsstipend og kan ikkje nyttast til ordinær utdanning eller til reiser. Det skal leverast ein skriftleg sluttrapport innan prosjektåret er slutt. Stipendiatane må seia seg villige til å leggja fram prosjektet for styret eller andre organ etter nærare avtale. Styret i Noregs Mållag er stipendnemnd. Søknaden må innehalde problemstilling og mål, arbeidsform/metode, tidsplan, budsjett, CV og ev. referansar til tidlegare arbeid. Send søknad og eventuell dokumentasjon til Noregs Mållag.

2020 Thea Hjelmeland, for å lage nynorske samtidsstev

2020 Dag Inge Bøe, for å utvikle bloggen kinesiskpolitikk.no

2019 Kristoffer Hundershagen, for å utvikle eit digitalt matematikkspel.

2019 Julie Ane Ødegaard Borge, for å lage kortstokkar for å spreia informasjon om menneskerettar.

2018 Ingebjørg Eide, for å setje i gong positivt sidemålsforsøk på Eide ungdomsskole i Eide kommune i Møre og Romsdal.

2018 Åsmund Husabø Eikenes, for å skrive sakprosabøkene Høg fem og Sprut. Det er illustrerte bøker for barn mellom seks og ni år.

2017 Kristine Ullaland, for å utvikle bloggen grønare kvardag.

2017 Atle Berge, for å utvikle fotballbloggen branndagboka.no

2016 Anita Stokke Blomvik, for å utvikle matbloggen kvardagsmat.no, ein av få matbloggar på nynorsk.

2016 Geir Larsen, for å utvikle språklæringsappar på nynorsk.

2015 Stig Bjarte Brekke, for å dubba eller teksta barne- og ungdomsfilmar til nynorsk.

2015 Mona Steiner Brekkan, for å hjelpe bokmålsverksemder knytte til Nordhordland Næringshage med å ta i bruk nynorsk i marknadsføringa og som identitetsbyggjar.

2014 Sergej Alexander Munkvold, for å digitalisere Norsk-Engelsk ordbok, Tysk-Norsk ordbok og Norsk-Fransk ordbok og gjere desse ordbøkene tilgjengelege på nett.

2014 May Grethe Lerum, for å lage eit spel kalla Kvizzleik til mobil eller nettbrett.

2013 Rasmus Hungnes, for å skrive om dataspel på nynorsk i Natt og Dag.

2013 Ingrid Brandal Myklebust, representerer organisasjonen Fredensborger, som arbeider med t-skjorteprosjektet FREDDY.

2012 Jostein O. Mo, for å hjelpe frivillige lag og organisasjonar til å få lagslovene sine på nynorsk og lage ei ei ”juridisk ordliste” for friviljuge organisasjonar der vanlege formuleringar frå organisasjonslivet på bokmål vert jamstilte med nynorske.

2012 Merete Bratsberg Aae, for å lage ein sidemålsblogg saman med elevar på Averøya. Eit utval blogginnlegg kan trykkjast i ei notatblokk og delast ut til elevar ved ungdomsskulen i kommunen.

2011 Andreas Paleologos, for å utvikle framsyninga ”Det beste eg veit” vidare og reise på turne.

2011 Mariell Øyre, for å lage eit magasin basert på bloggen Hjartesmil.

2010 Runar Gudnason, for å skrive og redigere ein rappelyrikkens poetikk, ein antalogi over breidda og mangfaldet i den norske hip-hopkulturen.

2010 Maria Tryti Vennerød, for multimedieprosjektet «Visitt». Prosjektet vert laga saman med Julian Skar og Ingeleiv Berstad.

2009 Zapatistgruppa i Bergen, til prosjektet Cafe YaBasta. Gjennom prosjektet vil dei importera og selja kaffi frå zapatistar i Mexico, og dei ønskjer å bruka nynorsk på etikettane på kaffien som blir selt her i landet. Cafe YaBasta vil setje søkjelys på kulturelle og språklege rettar, og på zapatistane sitt arbeid med å opprette og drive skular med undervisning i eigne språk.

2009 Audun Blokkum, for å laga eit brettspel som kan brukast i klasserommet, og som let elevane spela og leika seg til lærdom i grammatikk, ordlistebruk og ordtilfang på nynorsk.

2008 Marianne Furevikstrand, for å starta bygdeaviser i dei tre bygdene rundt Dalsfjorden i Sunnfjord – Dale/Flekke, Askvoll og Holmedal.

2008 Øystein Runde, for å lage ein nynorsk teikneserieroman.

2007 An10 Boyband, frå Verdalen/Snåsa, for å synge på nynorsk og spele inn plate og reise på turne.

2007 Rannveig Mossige Thattai, for å skrive artiklar som kan vera aktuelle for ungdomar som søkjer etter informasjon på nettet. Ho er administrator og redaktør på Nynorsk-Wikipedia.

Heidersmedlemmer

Heidersmedlemskap er den høgste utnemninga til Noregs Mållag, og har sidan 1947 vore gjeven for langt og godt arbeid i og for målrørsla. Utnemninga er for livstid.

Nolevande heidersmedlemer:

  • 2018 Olaf Almenningen, Oslo (f. 1947)
  • 2018 Oddny Miljeteig, Bergen (f. 1954)
  • 2010 Guri Vesaas, Oslo (f. 1939)
  • 2006 Marie Lovise Widnes, Hareid (f. 1930)
  • 2006 Audun Heskestad, Rælingen (f. 1942)

Fullstendig oversyn over heidersmedlemene i Noregs Mållag.