30 års sidan folkerøystinga om EU
I dag, 28. november, er det 30 år sidan folkerøystinga om norsk medlemsskap i EU. Då vart det eit fleirtal for nei til EU. I dag er det mange som undrar på kvifor Noregs Mållag og Norsk Målungdom var ein del av nei-sida i 1994.
Saka var diskutert på fleire landsmøte i Mållaget. Landsmøte etter landsmøte vedtok å seie nei til EU. Det var likevel meir rom for tvilen i 1994 enn EU-kampen i 1972.
Magnus Løken skriv i sogeheftet Ung målstrid. Norsk Målungdom 60 år om eit intervju med den unge forfattaren Jon Fosse i Gula Tidend 15. juni 1991: “tja til EF-mann og periodemålmann”, som meinte nynorsken kunne tene på EU-medlemskap.
EU-debatt på landsmøtet
På landsmøtet i Noregs Mållag på Vinstra i juli 1994 vart det eit friskt ordskifte i EU-debatten, skriv Norsk Tidend. Fleire utsendingar etterlyste ei meir aktiv haldning frå Mållaget.
– Styret har ikkje engasjert seg, og det har ikkje vorte laga materiell med tanke på folkerøystinga. Noregs Mållag kan ikkje stille seg utanfor den viktigaste kampen her i landet akkurat no. Anten får ein arbeide aktivt mot, eller så får ein støtte regjeringa, sa ein av utsendingane. Medan ein ja-mann vart sitert på at:
– Det spelar ikkje noka rolle for det norske språket om Noreg vert EU-medlem eller ikkje. Å få Gudmund Hernes på bana er langt viktigare for Noregs Mållag.
I vedtaket vart det igjen slått fast at Noregs Mållag gjekk mot norsk medlemskap i EU mellom anna fordi dei direkte og indirekte verknadane av ein slik medlemskap kom til å verte til stor skade for norsk språk og kultur. Det var også slått fast at Noregs Mållag skulle setje EU-arbeidet høgare opp på saklista.
Eit lite språk
– Norsk blir offisielt EU-språk, men det minste av dei. Mykje tyder på at dei små nasjonalspråka vil få ein mindre plass i EU-systemet i framtida. I EU-samanheng er norsk langt på veg eitt språk og ikkje både nynorsk og bokmål, skriv Olav Randen, dåverande leiar i Noregs Mållag. Han fekk også støtte frå Norsk språkråd i same avis.
– Vi må rekne med at norsk språk får ein liten plass i EU og mindre enn den plassen dei små språka har no, seier nestleiar i Norsk språkråd og professor ved Universitetet i Oslo, Geirr Wiggen, til Norsk Tidend.
Vektlegging av nasjonal sjølvråderett og identitet kombinert med eit breiare internasjonalt perspektiv var viktige i målrørsla. Norsk Målungdom hadde nasjonal sjølvråderett som ein viktig del av argumentasjonen i ordskiftet.
Vitaliserande
Det var vitaliserande for både Noregs Mållag og Norsk Målungdom å stå i EU-kampen. Olga Meyer som var både journalist og målkvinne opplevde at det var vanskeleg å vere medlem i Mediemållaget så lenge EU-kampen varte fordi Noregs Mållag hadde teke så tydleg standpunkt, og då vart vanskeleg oppimot kravet om å vere uavhengig journalist.
For spesielt Målungdomen vart EU-kampen eit løft og organisasjonen om styrka ut av EU-kampen med langt fleire aktivistar enn tidlegare.