aktuelt

3226 gode grunnar for nynorsk i Innlandet

Det er 3 226 nynorskelevar i Innlandet. Det gjev oss 3226 gode grunnar for 25% nynorsk i Innlandet fylkeskommune, skriv Helen Johannesen, leiar i Austmannlaget og Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag.

Torsdag 20. oktober vedtok Innlandet fylkesting “Språkrettleiar for tilsette”. Vi er glade for at fylkeskommunen no har ein plan for språkbruk. Likevel hadde vi høgare forventningar til at fylket med flest nynorskelevar på austlandet, skulle gjort meir for nynorsken.

I den vedtatte planen har Innlandet fylkeskommune eit mål om at minst 10 % av alle allment tilgjengelege skriv og dokument skal vere på nynorsk. SV, Senterpartiet, Raudt og Venstre ynskte å heve dette målet til 25% nynorsk. Dei ville ta ansvar for nynorsktradisjonen i Oppland og Hedmark, og ikkje minst for dei 3 226 nynorskelevane i Innlandet. 

Innlandet er den fylkeskommunen på Austlandet som har flest nynorskbrukarar. Vestfold og Telemark fylkeskommune har 1770 nynorskelevar og dei har vedtak om 25 % nynorsk. Viken fylkeskommune, som har nynorskelevar i Hallingdal, har vedtak om 10 % nynorsk.

For innbyggjarane er det viktig å sjå nynorsken i bruk rundt seg for å bli gode i å skrive nynorsk. Også for bokmålselevane er dette viktig. I framlegget frå fylkesadministrasjonen i Innlandet står det: “Alle tilsette skal kunne skrive både på bokmål og nynorsk – dette er ikkje for spesialkompetanse å rekne”. Det er vi heilt samde i. Difor var 25 % nynorsk eit godt krav frå SV, Sp, Raudt og V.

Arbeidarpartiet sa i ordskiftet at dei gjerne evaluerer talfestinga av 10 prosent nynorsk og viste vilje til å auke nynorskprosenten ved eit seinare høve. Det håpar vi dei gjer. I denne omgangen gler vi oss over at ei talfesting er på plass, og set pris på at innbyggjarane i Innlandet no får møte litt meir nynorsk i sine bokmålsdominerte kvardagar.

Helen Johannesen
Leiar i Austmannalaget 

Peder Lofnes Hauge
Leiar i Noregs Mållag