aktuelt

Stortingshøyring om språklova

Kultur- og familiekomiteen på Stortinget starta arbeidet med framlegget til ny språklov med å invitere til høyring.

Noregs Mållag møtte i høyringa tysdag 16. juni for å leggje fram kva endringar Mållaget meiner Stortinget bør gjerne med språklova. 

I notatet til komiteen peika Mållaget på at det er fleire gode element i den nye lova, og særleg er det styrkte føremålet svært positivt. At lova slår fast at det offentlege har eit særleg ansvar for å fremje det minst bruka språket nynorsk, er eit steg på rett veg for ein språkpolitikk som anerkjenner at det er eit skeivt styrketilhøve mellom nynorsk og bokmål.

Hovudbodskapen frå Noregs Mållag ligg i dette høyringsnotatet og der ligg også framlegg til kva konkrete endringar Stortinget må gjere. 

Det er Kulturdepartementet som har laga framlegg til ny språklov

Høyringsnotat til Språklova11. juni 2020, Noregs Mållag.