aktuelt

50-årsjubilem for parallellkravet

Måndag 20. mai er det 50 år sidan Stortinget vedtok å lovfeste retten til å få lærebøker og andre læremiddel på eige språk i vidaregåande skule.

Mangel på lærebøker på nynorsk var eit stort problem gjennom heile 1950- og 60-talet. Både Mållaget, det nyskipa Noregs Student- og Elevmållag, elevane og lærarane peika på problemet. I 1971 var tolmodet slutt. Då gjekk 30 000 elevar ut i streik ved 112 skular for å få lovfesta retten til at lærebøker på nynorsk skulle kome til same tid og pris som lærebøker på bokmål, og for å få større løyving over statsbudsjettet til nynorske lærebøker. Elevstreiken og krava fekk mykje merksemd. Løyvinga vart auka av Stortinget same hausten, og i departementet og i Stortinget vart det arbeidd med ei ny lov, der lovfesting av retten skulle bli tema.

Semje om jamstilling
Det vart eit langvarig lovarbeid. Ei nemnd leia av Reiulf Steen, fekk i 1965 oppdraget med å gå gjennom og kome med framlegg til korleis vidaregåande opplæring skulle organiserast etter at reforma med 9-årig grunnskule var på plass. Nemnda var tydeleg og samstemt om at elevane måtte få lovfesta retten til lærebøker på eige språk. Det vart synt til «dei mange aksjonane av elevar og lærarar, særleg ved gymnas over store delar av landet, som alle krev større rettferd for nynorsken». Departementet peika på at det måtte vere høve til å gje unntak for jamstillinga av praktiske årsaker. Det var nemnda samd i, men legg til: «jamvel om det må finnast eit høve til å gjere unntak frå jamstellingskravet, må det setjast strenge grenser for å gjere slike unntak».

Etter skiftande regjeringar, statsrådar og storting, der lova eitt år før vart forkasta og sendt tilbake for vidare arbeid, var det den 20. mai 1974 klokka 11.00 endeleg klart for at president Aase Lionæs kunne opne ordskifte i Stortinget om «Lov om gymnaset» med statsråd Bjartmar Gjerde i salen.

Eit ord er eit ord
Det vart eit langt og til dels oppheta ordskifte der dåtidas fremste politikarar deltok. Vi kjenner att namna til både Anders Lange, Berge Furre, Hanna Kvanmo, Lars Roar Langslet, Einar Førde og Odvar Norli for å nemne nokre. Det var ei lang rekkje stridsemne som religion, einskapsskulen, valfridom, storleiken på skular og ikkje minst var det usemje om kva lova skulle heite, «Lov om gymnaset»  eller «Lov om vidaregåande opplæring». 

Langt ut på kvelden, etter ramma for den ordinære debatten, fekk Bergfrid Fjose frå KrF og Hordaland ordet og snakka mellom anna om nynorskelevane:  
– Eit anna likestillingsspørsmål gjeld lærebøker. Den forma som paragraf 38 har fått, er eit stort framsteg. Den slår fast det same hovudprinsippet for språkleg jamstilling som vi tidlegare har hatt i grunnskulelova. Men dette var også på høg tid. Slik det har vore til no, har det vore ei klår tilsidesetjing av dei som nyttar nynorsk eller samisk. Skal lova kunne setjast i verk, må konsekvensen vere tilstrekkeleg økonomiske stønad til gjennomføring av likestillingskravet. Dei løyvingane som til denne tida har vore gjevne, har vore ei god hjelp, men langt frå store nok til å gjennomføre paragraf 38 om språkleg jamstilling når det gjeld lærebøker, sa Bergfrid Fjose.

Og ho avslutta med uvanleg tydeleg tale om oppdraget til departementet:
– Ein må derfor be om at ein midt i alle dei konkrete vanskar som møter departementet i gjennomføringa, ikkje fortolkar bort paragraf 38 si klåre og greie form. Eit ord er eit ord, og blir lova vedteken, er paragraf 38 Stortinget sin vilje, som skal gjennomførast i praksis.

Bergfrid Fjose fekk ingen replikkar på innlegget. Så etter bortimot elleve-tolv timar debatt (til og med med tilrop frå salen) var det klart for røysting. Klokka 01.30 var det historiske vedtaket gjort. Paragraf 38 vart vedteke mot 3 stemmer. Elevane i vidaregåande skule hadde endeleg fått lovfesta retten til læremiddel på eige språk:

Paragraf 38. Lærebøker og andre læremidler.
Staten skal medvirke til å fremme rasjonell produksjon og bruk av læremiddel.
Lærebøker og andre læremidler i andre fag enn norsk må foreligge til samme tid og samme pris på bokmål og nynorsk. Departementet kan gjøre unntak for denne regelen.
Stortinget bevilger hvert år en sum til tilskott til utgivelse av lærebøker. Summen fordeles av departementet.
Departementet gir nærmere regler om godkjenning av lærebøker.

No ved jubileumsmerket for femti år, kan vi sjå at lovformuleringa i dåverande paragraf 38 ser langt tydelegare ut enn i den nye opplæringslova paragraf 15-3 som opnar for langt fleire unntak for kva som ikkje treng å vere på eleven sitt eige språk: «Med læremiddel er her meint alle trykte, ikkje-trykte og digitale element som er utvikla til bruk i opplæringa, som skal brukast jamleg i opplæringa, og som dekkjer vesentlege delar av læreplanen i faget.»

Det er lagt inn så mange unntak at det er fint mogleg at mange digitale læringsressursar (heilt lovleg) berre er å få tak i på bokmål.

Fleire elevdemonstrasjonar
Stortingsrepresentant Bergfrid Fjose visste nok kva ho snakka om. For sjølv om lovvedtaket vart gjort i Stortinget i mai, vart det fleire store elevdemonstrasjonar og boikott av lærebøker som berre kom på bokmål i åra framover. 

Lova var på plass, men det var framleis svært låge løyvingar til lærebøker. Ut gjennom 70-talet var det fleire store elevdemontrasjonar, og så seint som i 1977 var det berre 3 av 11 linjer i den vidaregåande skulen som hadde brukeleg dekning av nynorskbøker. 

Fyrst på 80-talet byrja det å kome løyvingar som verkeleg var på eit nivå som sikra parallellutgåver på nynorsk og bokmål. 

Takk for historisk innsats  
– Kampen for retten til lærebøker og læremiddel på eige språk var ei av dei viktigaste sakene for ein heil generasjon elevar, og var formande for fleire generasjonar unge målungdomar. Både elevane og politikarane på Stortinget skal ha takk for den viktige innsatsen for 50 år sidan, seier Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag. 

– Så må vi i dag, når nynorsken møter digitale utfordringar i klasseromma, ta kampen ein gong til. Det skal vi gjere fordi vi veit at opplæring på eige språk er ein grunnleggjande rett, og fordi nynorskelevane og lærarane fortener at vi tek den.