Motivasjonsseminar for lokallagsleiarar
Dette er eit seminar for nye lokallagsleiarar (i alle aldrar). Det er også aktuelt for nye styremedlemer i lokallag og fylkeslag. Du treng heller ikkje vere heilt ny i rolla for å få veldig godt utbyte av seminaret.
Det er både politiske og organisatoriske innleiingar som er nyttig og gjev motivasjon for alle som er tillitsvalde i lokallag, yrkesmållag eller fylkeslag. Dersom du er mellom 25 og 40 år, kan det vere aktuelt å vere med vidare inn i motivasjonssamlinga for unge vaksne som er på same stad frå laurdag til søndag.
Middag fredag kveld vert saman med styret i Noregs Mållag.
Seminaret vert på skrivarstova i Oslo fredag 9. september og laurdag 10. september 2022. Deltakaravgift: 500 kroner. Det er laget som dekkjer deltakaravgift medan (Noregs Mållag dekkjer reise og mat).
Påmeldingsfrist er 1. september. Det er avgrensa tal plassar på seminaret, så det er gode grunnar til å bestemme seg kjapt!
Skriv deg inn i påmeldingsskjema her.
Spørsmål og praktisk. Skriv til: hege.lothe@nm.no
Fredag 9. september
17.00 Velkomen til seminar!
ved Hege Lothe, informasjons- og organisasjonskonsulent
17.15 Informasjonsarbeid på sosiale medium og pressearbeid ved Frida Pernille Mikkelsen, politikk- og kommunikasjonsrådgjevar
Spørsmål og ordskifte
18.30 Medlemssystemet, medlemsregister, medlemspengar, årsmeldingar, mållagsåret, økonomi for lokallaga, momsrefusjon og grasrotandelen med meir
ved Erik Grov, organisasjonskonsulent / Per Henning Arntsen, økonomikonsulent
Spørsmål og ordskifte
20.00 Middag
Laurdag 10. september
09.30 Korleis drive godt vervearbeid?
ved Live Havro Bjørnstad, styremedlem i Bergen ungdomslag Ervingen
10.15 Kva gjer lokallag og fylkesmållag? Kva er viktige arbeidsfelt i arbeidsprogrammet?
ved Hege Lothe
11.00 Kvifor nynorsk? Målferdopplegget til Norsk Målungdom
ved Tobias Christensen Eikeland, leiar i Norsk Målungdom
11.30 Kvifor nynorsk?
– kva er grunnlaget vårt og argumenta våre?
ved Inger Johanne Sæterbakk, styremedlem i Noregs Mållag
Felles ordskifte
12.15 Lunsj! Mottak av deltakarar til samling for unge vaksne
13.30 Presentasjonsrunde.
13.45 Målsaka og (lokal)politikken – korleis nytte seg av politikken?
ved Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag og Trine Østereng, rådgjevar i Tankesmia Agenda
Spørsmål og ordskifte
14.45 Retten til læremiddel og læringsverktøy på eige språk. Kva er status, kva ligg i framlegget til opplæringslov og kva bør vi krevje? ved Benedicte Frostad
15.45 Avslutning av motivasjonsseminar for lokallagsleiarar. Vel heim!