aktuelt

Nynorsk-tap på Stortinget

Leiar i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge

Utdanningskomiteen på Stortinget har i dag sagt nei til å sikre nynorske læringsressursar som er laga for skulen.

– Det er heilt uforståeleg at fleirtalet på Stortinget ikkje vil modernisere opplæringslova slik at ho vert tilpassa den digitaliserte framtida i skulen. Dette er eit stort tap for nynorsken, seier Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag.  

– For over 50 år sidan vedtok Stortinget at læremiddel skulle kome til same tid og til same pris på nynorsk og bokmål. I ein skulekvardag med fleire og fleire appar bryt Stortinget no i praksis dette prinsippet, seier Peder Lofnes Hauge.

I utdannings- og forskingskomiteen fekk Ap og Sp med seg Høgre og FrP for å halde nynorskkravet ute av lova. Medan Raudt, SV og Venstre ynskte å vedta lovendring. 

Både Utdanningsforbundet, Forleggerforeningen, Språkrådet, Nynorsksenteret, Noregs Mållag, Norsk Målungdom og 121 ordførarar i Noreg har bede om denne lovendringa. 

– Det er ekstremt skuffande at Ap og Sp let private læremiddelprodusentar få sleppe å bry seg om dei to norske skriftspråka, framfor å stå side om side med nynorskelevane. Noregs Mållag har gjort sitt beste for å få regjeringspartia til å forstå alvoret, men har ikkje lukkast.

Heile innstillinga frå utdannings- og forskningskomiteen er lagt ut på nettsidene til Stortinget.

Samledokument over innstilling frå komiteen samanstilt med framlegga frå Noregs Mållag