– I dag hindra Stortinget digital jamstilling for nynorsken
Det seier ein skuffa leiar i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge, etter at den nye opplæringslova i dag blei vedtatt i Stortinget.
– I ein skulekvardag som blir meir og meir digital, møter nynorskelevane mindre og mindre av språket sitt. Lærebøkene er erstatta med digitale læremiddel. Mange og små læringsressursar dominerer i klasserommet. Det er alvorleg at eit fleirtal på Stortinget ikkje vil vedta at elevane skal få desse på språket sitt.
Mållagsleiaren  er  oppgitt  over  regjeringa  som  han  meiner  ikkje  har  lytta,  og  seier  kravet  om  at  læringsressursar  som  er  utvikla  til  bruk  i  opplæringa,  har  stor  støtte.
–  Ei  samla  målrørsle,  Forleggerforeningen,  Utdanningsforbundet,  Elevorganisasjonen  og  Språkrådet  er  mellom  dei  som  støttar  kravet.  Grasrøtene  i  regjeringspartia  med  AUF  i  spissen  stør  kravet,  og  121  ordførarar  stør  kravet.  Difor  er  det  påfallande  at  regjeringa  har  gått  til  Høgre  og  Frp  for  å  få  fleirtal  for  språkpolitikken  sin,  seier  Peder  Lofnes  Hauge.
Han  meiner  dette  er  eit  stort  tap  for  nynorsken.  Utdanningskomiteen  har  gitt  regjeringa  beskjed  om  å  hente  inn  meir  kunnskap  om  situasjonen.  Det  er  ikkje  godt  nok,  meiner  mållagsleiaren.
–  Vi  har  visst  meir  enn  nok  lenge.  Stoda  i  klasserommet  er  dramatisk.  Det  blir  no  avgjerande  at  regjeringa  får  henta  inn  den  kunnskapen  dei  meiner  dei  treng,  lynkjapt,  slik  at  dei  kan  kome  tilbake  til  Stortinget  med  forslag  om  korleis  kravet  kan  lovfestast  i  god  tid  før  lova  trer  i  kraft.
Noregs  Mållag  tar  med  seg  to  viktige  lyspunkt  frå  den  nye  lova:
– No er endeleg kravet om at skriveprogram må kunne nynorsk, på plass. Raude strekar under ord ein skriv heilt rett, er historie! Her har Noregs Mållag lukkast med å tvinge teknologigiganten Google til å måtte lære seg nynorsk.
I tillegg har vi fått på plass språkdelt ungdomsskule. Dette er eit utruleg viktig krav for dei elevane som bur i språkblanda område. No har dei endeleg rett på å få opplæringa si på nynorsk ut heile grunnskulen, avsluttar Peder Lofnes Hauge