Ynskjer lov og løyving frå Lubna
					Noregs  Mållag  har  store  forventingar  til  landets  nye  kulturminister,  Lubna  Boby  Jaffery  (Ap).
–  Eg  trur  regjeringa  sjølv  ser  at  dei  lyt  ta  i  eit  tak  for  nynorsken  no,  seier  Peder  Lofnes  Hauge,  leiar  i  Noregs  Mållag,  som  trur  det  kjem  nynorsken  til  gode  at  Jaffery  no  sit  rundt  Kongens  bord.
– Lubna Jaffery har vore ein del av eit politisk prosjekt i Bergen som verkeleg satsar på nynorsk. Der har det politiske miljøet tatt innover seg at det krevst politisk handling for å jamne ut tilhøvet mellom bokmål og nynorsk, gjennom målretta tiltak for å styrkje det minst brukte av dei to norske skriftspråka. At ho no styrer Kulturdepartementet, lovar godt, seier Peder Lofnes Hauge.
Han ynskjer lukke til med eit viktig arbeid, og han har fleire innspel til gjeremålslista til den nye statsråden:
Den  nye  språklova  må  bli  betre
Då  det  førre  Stortinget  vedtok  den  nye  språklova,  røysta  fleirtalet  ned  ei  rekkje  forslag  frå  Arbeidarpartiet  og  Senterpartiet  som  ville  gjort  lova  betre  for  nynorsken.  Det  bør  dagens  regjeringsparti  gjere  noko  med.
–  Eg  forventar  at  regjeringa  sender  eit  nytt  lovforslag  til  Stortinget,  slik  vi  blei  lova  før  valet.  Arbeidarpartiet  kan  ikkje  leve  med  dei  delane  av  lova  som  viser  at  ho  kom  under  førre  regjering.  Framlegga  er  ferdig  formulerte  og  førte  i  pennen  av  Arbeidarpartiet  sjølv,  og  dei  har  eit  avklart  fleirtal  bak  seg  i  Stortinget.
Auka  budsjettløyving  til  Noregs  Mållag
–  Eit  samla  nynorskmiljø  har  prioritert  ein  auke  på  1  million  i  løyvingane  til  Noregs  Mållag  som  det  viktigaste  enkelttiltaket  for  nynorsken  på  statsbudsjettet.  Vi  har  opplevd  enorm  medlemsvekst  dei  siste  åra,  men  ikkje  tilsvarande  auke  i  ressursar.   På  mange  område  treng  staten  oss  for  å  passe  på  sin  eigen  språkpolitikk.  Ingenting  gjev  meir  nynorsk  for  pengane  enn  auka  løyving  til  Noregs  Mållag.
Satsing  på  nynorsk  scenekunst
– Lubna Jaffery kan bli statsråden som tettar gapet mellom dei to nasjonale teatera våre, Nationaltheatret og Det Norske Teatret. Dei siste tretti åra har DNT mista nær ein million i året, og teatera må likestillast også i tilskot.