Valnemnda vil ha Peder!
Peder Lofnes Hauge er innstilt som leiar i Mållaget for tredje gong.
– Vi  er  veldig  godt  nøgde  med  Peder  Lofnes  Hauge  som  leiar  i  Noregs  Mållag.  Han  er  offensiv  på  vegner  av  Mållaget  og  nynorsken,  og  både  strategisk  og  kunnskapsrik,  med  det  nødvendige  glimtet  i  auget  som  målrørsla  treng,  fortel  Øyvind  Fenne,  leiar  i  valnemnda  i  Noregs  Mållag.
Peder  Lofnes  Hauge  (35)  er  utdanna  lærar  og  bur  i  Bergen  med  sambuar  og  tre  små  born.  Han  har  vore  leiar  i  Noregs  Mållag  dei  siste  fire  åra.
– Eg  er  takksam  for  at  valnemnda  vil  gje  meg  sjansen  til  å  vere  leiar  i  Mållaget  i  to  nye  år.  Det  har  vore  mykje  å  juble  for;  både  endå  ein  medlemsrekord  for  Noregs  Mållag  og  nobelprisen  i  litteratur  til  Jon  Fosse,  seier  Peder  Lofnes  Hauge.
Han  er  likevel  tydeleg  på  at  han  leier  ein  organisasjon  som  no  er  kampklar  på  vegner  av  nynorsken  og  nynorskbrukarane.
–  210  år  etter  at  Noreg  fekk  si  eiga  grunnlov,  er  det  på  tide  å  grunnlovsfeste  at  norsk  skal  vere  det  samfunnsberande  språket  i  Noreg.  Ikkje  minst  er  det  på  høg  tid  at  jamstillinga  mellom  nynorsk  og  bokmål  blir  sikra  i  det  som  er  Noregs  viktigaste  lov,  Grunnlova.
Dette  vert  ei  av  hovudsakene  når  Noregs  Mållag  samlar  seg  til  landsmøte  19.–21.  april  i  Trondheim.  Då  vil  også  digitalisering  og  nynorsk  stå  på  dagsordenen.
–  I  ein  meir  digital  kvardag  er  det  avgjerande  at  språkteknologien  forstår  og  tek  omsyn  til  nynorsken  og  dei  norske  dialektene.  Det  må  vere  mogleg  å  vere  nynorskbrukar  også  på  internett,  seier  Peder  Lofnes  Hauge.
Dette  er  valnemnda  sitt  framlegg  til  nytt  styre:
Peder  Lofnes  Hauge  som  leiar  og  Live  Havro  Bjørnstad  (37)  er  innstilt  som  ny  nestleiar.  Ho  bur  i  Bergen,  og  driv  skulebiblioteket  på  Bergen  Katedralskole  og  er  frå  Voss.
Framlegg til nytt styre ser slik ut: Espen Tørset (44) bur i Orkland og er lektor ved Orkdal vidaregåande skole, Kjetil Aasen (46) bur i Oslo og er protokollsekretær i Høgsterett, Gunnhild Skjold (30) bur i Tromsø og er rådgjevar ved Senter for samisk helseforsking ved UiT Noregs arktiske universitet og Monika Haanes Waagan (55) bur i Herøy, driv konsulentselskapet Akka AS og er initiativtakar til Nynorsk Bedriftsforum.
Framlegget til varamedlemer er 1. vara: Synnøve Marie Sætre (34), bur i Ørsta og er senterleiar på Nynorsksenteret ved Høgskulen i Volda, 2. vara: Tommy Tverdal (29), bur i Vennesla og er fagleg ungdomssekretær i LO Agder og leiar i Mållaget i LO-administrasjonen, 3. vara: Silje Nathalie Luvåsen (31), bur i Oslo og er lektor i vidaregåande skule og 4. vara: Jorunn Simonsen Thingnes (33), bur i Sogndal og er fyrsteamanuensis i norsk ved Høgskulen på Vestlandet.