Jubel for 16 000 medlemer i Mållaget
 
					Medlemsauken i Mållaget held fram, og 12. desember nådde Noregs Mållag 16 000 medlemer for fyrste gong sidan 1985.
Tusenvis  på  lag  med  nynorsken
–  Medlemer  er  sjølve  grunnlaget  for  ein  medlemsorganisasjon,  og  dette  medlemstalet  vitnar  om  at  nynorsksaka  er  viktig  for  veldig  mange  i  2024,  seier  leiar  i  Noregs  Mållag,  Peder  Lofnes  Hauge. 
No er Mållaget 6000 fleire medlemer enn for tjue år sidan, 4000 fleire enn for ti år sidan og 2500 fleire enn for fem år sidan.
Nynorsken  treng  eit  stort  mållag
Alle  språk  treng  språkpolitikk.  Dette  gjeld  særleg  nynorsk,  som  det  minste  av  dei  to  norske  skriftspråka.
–  Nynorsken  treng  nynorskpolitikk,  og  Mållaget  veit  kva  som  trengst,  seier  Peder  Lofnes  Hauge.  Med  fleire  medlemer  ventar  han  fleire  politiske  oppturar  i  året  som  kjem.
Partiprogramma for det komande stortingsvalet er under arbeid, og dei politiske partia bør notera seg at rekordmange no er opptekne av målsak. Rikdomen i å ha to skriftspråk – som speglar både ordtilfanget, dialektmangfaldet og kulturen vår – er ein del av den norske identiteten som me må ta vare på.
Målreisinga  treng  målfolk
I  fjor  strøymde  nye  medlemer  til  Mållaget  då  Jon  Fosse,  som  sjølv  er  medlem  i  Mållaget,  takka  nynorsken  og  målreisinga  for  nobelprisen.  I  år  har  lokale  tillitsvalde  i  Mållaget  verva  over  1000  nye  medlemer.  Slik  det  ser  ut  no,  aukar  medlemstalet  i  alle  18  fylkeslaga  frå  i  fjor. 
– Eg er stolt av all innsatsen folk gjer for organisasjonen vår, seier leiar Peder Lofnes Hauge.