aktuelt

Digitalt møte om sidemål

Mållaget inviterer alle som har tillitsverv i Mållaget, til å lære meir om kvifor sidemålsordninga er så viktig å kjempe for, og korleis vi skal gjere det.

Valet i år kan bli avgjerande for framtida til nynorsk i skulen. Fleire parti går til val på å skrote heile eller delar av sidemålsordninga, medrekna eksamen og karakter.

Dato: Onsdag 2. april
Tid: Både klokka 12.30 og 19.30
Stad: Digitalt seminar på Zoom: LENKJE
Varar: 1 time

Program:
Velkomen og presentasjonsrunde
ved Hege Lothe, rådgjevar i Noregs Mållag

Kva er eigentleg greia med sidemål?
ved Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag

Påstandar om sidemål. Kva er fakta og svara våre?
ved Frida Pernille Mikkelsen, politisk rådgjevar i Noregs Mållag

Spørsmål og kommentarar.