Nynorsk næringslivspris til SpareBank 1 Sogn og Fjordane

SpareBank 1 Sogn og Fjordane er tildelt Nynorsk næringslivspris for å halde på nynorsk som forretningsspråk etter at banken gjekk inn i SpareBank 1-alliansen i 2024.
– Då banken gjekk inn i Sparebank1-alliansen, insisterte dei på å halde på nynorsken og den nynorske bankidentiteten, og det er ikkje mindre enn imponerande, seier Monika Haanes Waagan, juryleiar for Nynorsk næringslivspris.
– Banken har gjort eit formidabelt arbeid for å få til overgangen på nynorsk. Dei har gjort mykje ekstra arbeid som ingen har gjort før dei. Dermed har dei, med stor omsorg for språket, sytt for at det framleis er akkurat like lett å vere nynorsk bankkunde.
På grunn av SpareBank1 Sogn og Fjordane kan no 1 million bankkundar i Noreg bruke nynorsk i bank-appen til SpareBank 1-alliansen.
– Vi i SpareBank 1 Sogn og Fjordane er svært takksame for denne prisen, og set enormt stor pris på at Mållaget ser arbeidet vi har lagt ned for å få med oss nynorsken inn i SpareBank 1. Vi meiner nynorsk er ein del av identiteten vår og identiteten til lokalsamfunnet rundt oss, og det er derfor det var viktig for oss å ha språket vårt med. Mange i banken, og mange i alliansen, har lagt ned ein stor innsats for å få dette til, og eg vil nytte høvet til å takke dei for jobben dei la ned våren og hausten 2024. Prisen vi fekk i dag, gjev oss ein stor motivasjon for å fortsetje arbeidet med stadig å ha nynorskfana høgt, seier adm. direktør Trond Teigene i SpareBank 1 Sogn og Fjordane.
Pristale for Nynorsk næringslivspris 2024
Juryleiar Monika Haanes Waagan heldt pristale til prismottakarane, og sa dette på vegne av juryen:
Nynorsk næringslivspris er Noregs Mållag sin eigen næringslivspris. Det er ein eigen jury som peikar ut prisvinnaren etter open nominasjon. Årets jury har vore: Jan Atle Stang, Anders Riise, Anne-Mette Hjelle, Liv Astrid Hesjedal og Jan Thormodsæter.
Nynorsk næringslivspris har blitt delt ut sidan 2006 og dagens prisvinnar er den 16. i rekka. Det har vore eit stort spenn i prismottakarar desse åra. Alt frå store konsern til små verksemder, og alt midt i mellom. Årets prisvinnar er absolutt av dei større verksemdene.
Eg har gleda av å kunngjere at Nynorsk næringslivspris 2024 er tildelt:
SpareBank 1 Sogn og Fjordane
Sparebanken Sogn og Fjordane har vore ein tydeleg nynorskbank i alle år, anten om bustadlånet ditt har gått til å kjøpe leilegheit i Oslo eller hus i Sogn og Fjordane, anten du har vore ein lokal småsparar eller ei av dei mange lokale verksemdene som treng banktenester.
Det var ei viss spenning, då det vart klart at Sparebanken Sogn og Fjordane vart med i SpareBank 1-alliansen. Kva skulle skje med språket til banken? SpareBank 1-alliansen har tidlegare fått med seg mange lokale nynorskbankar, der nynorsken dessverre har blitt bytta ut, så snart ein har kome innanfor SpareBank 1-alliansen.
Men slik vart det ikkje med SpareBank 1 Sogn og Fjordane! Dei insisterte på å halde på nynorsken og den nynorske bankidentiteten, og det er ikkje mindre enn imponerande!
Banken har gjort eit formidabelt arbeid for å få til overgangen på nynorsk. Og har gjort mykje ekstra arbeid, som ingen har gjort før dei.
I Noregs Mållag seier vi gjerne at det skal vere like lett å vere nynorskbrukar som bokmålsbrukar. Vi kan trygt slå fast at SpareBank 1 Sogn og Fjordane har sørga for at det framleis er akkurat like lett å vere nynorsk bankkunde – i alle fall i dykkar bank.
Juryen for Nynorsk næringslivspris håpar at den store innsatsen de har gjort, også kan kome kundar i heile SpareBank 1-alliansen til gode.
Marie Takvam skriv i eitt av dikta sine:
Nokon må dyrke ordet,
leggje det i vårvarm jord
nær innved menneska
slik at grøda blir hausta.
De har gjort dette. Lagt bankinnskot og rentesatsar, årsrekneskap og bustadlån i vårvarm jord. Nett slik det blir sagt – nær innved menneska. Slik at vi, nynorskbrukarane, kan bruke språket vårt i kvardagane våre.
Marie Takvam avsluttar diktet med:
«Nokon må bruke ordet.
Berre ved bruk blir det vakkert.»
Ja, Nynorsk bankspråk er også vakkert! Tusen takk for at de, SpareBank 1 Sogn og Fjordane, brukar språket vårt!
Til lykke med Nynorsk næringslivspris 2024!