Riksrevisjonen: Nynorskelevar får læremiddel seinare enn bokmålselevar
I den ferske rapporten «Læremidler i grunnskoler og videregående skoler» (Dokument 3:17, 2024–2025) slår Riksrevisjonen fast at nynorskversjonen av læremiddel kjem seinare enn bokmålsversjonen.
– Dette er ein situasjon som vi er veldig godt kjent med, men det er likevel viktig at vi får rapportar frå Riksrevisjonen som stadfestar det vi i Mållaget har sagt så lenge, seier leiar i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge
Opplæringslova krev at læremiddel skal vere tilgjengelege på nynorsk og bokmål til same tid og same pris. Undersøkinga Riksrevisjonen har gjort viser at berre kvart fjerde trykte læremiddel kjem på nynorsk til same tid som læremiddelet på bokmål.
Må vente i fleire månadar
26 prosent av lærebøkene kjem først etter 3–4 månadar, skriv Riksrevisjonen.
– 3–4 månadar inn i skuleåret er november og desember. Nynorskelevar kan ikkje gå utan læremiddel fram til jul. Her må departementet gjere tiltak slik at lovene dei lagar blir følgde, seier Peder Lofnes Hauge.
«Ikkje tilfredsstillande» læremiddelsituasjon
Riksrevisjonen har konkludert med vurderinga «ikkje tilfredsstillande» for læremiddelsituasjonen i norsk skule, og skriv at:
«Skuleeigarane kjøper ikkje inn læremiddel og utstyr som dekkjer behova til skulane. Det gjer at elevane får ulike føresetnader for læring og fører til at lærarane brukar unødvendig mykje tid på å kompensere for manglande læremiddel.
Kunnskapsdepartementet sørgjer ikkje for at det blir produsert læremiddel som dekkjer behova til alle elevar i alle fag. Det gjeld særleg tilrettelagde læremiddel og læremiddel til elevar i fleire yrkesfag og fag med få elevar på landsbasis.»
– Eg krev at kunnskapsministeren tek tak i dette straks og viser at nynorskelevane er like mykje verde for ho som bokmålselevane, seier Peder Lofnes Hauge.