aktuelt

Om vi ikkje skal lære norsk i skulen, kva skal vi då lære?

Lese-og skrivedugleikane til norske elevar har vore tema i valkampen. Noregs Mållag veit kva som må til: Vi må satse på sidemål!

Norskfaget er det viktigaste faget i skulen. Det er grunnlaget for all læring, i alle fag. Norsk er basiskunnskap, og norsk er både nynorsk og bokmål.

Når vi lærer fleire språk, skjer det noko i hjernen vår. Forsking, mellom anna frå professor Øystein Vangsnes ved UiT Noregs arktiske universitet, viser at opplæring i sidemål styrkjer språkforståing generelt. Elevane får større ordtilfang, betre grammatisk innsikt og blir betre skribentar. 

Desse goda er det diverre mange elevar som går glipp av, på grunn av for lite og for dårleg sidemålsopplæring. I dag får elevar berre karakter i sidemål ved utgangen av ungdomsskulen og ved fullføring av studieførebuande i vidaregåande. Dette fører til at den systematiske opplæringa tek til seinare og seinare. Vi kan ikkje svekkje ordninga ytterlegare, slik dei to partia ytst til høgre vil. 

Sidemålsordninga byggjer respekt og forståing for språkmangfald, og ho gjer elevane betre rusta til å velje og bruke begge språka seinare i livet. For du kan ikkje velje eit språk du aldri har lært å meistre.

Skulen skal gje alle ein lik base. Han skal ikkje berre lære vekk det elevane har lyst å lære – han skal lære dei det dei treng. Språkhistoria i Noreg er ulik mange andre si, og ho gjev oss eit språkleg grunnlag som er langt betre enn mange andre sitt. Eit rikt dialektmangfald, to sterke skriftspråk og eit språksterkt folk. Dette må vi verne om, og det gjer norskfaget slik det er i dag. Om vi ikkje skal lære norsk i skulen, kva skal vi då lære?

Dei politikarane som innførte sidemålsordninga i 1907, var modige. Etter valet treng vi like modige politikarar som gjev norskfaget eit løft og stoppar dei kreftene som vil svekkje sidemålsordninga i skulen. Høgre vil fjerne karakter og eksamen i sidemål, Frp vil la elevane velje bort sidemål. Men vi lærer ikkje meir av å lære mindre.

Vi treng meir nynorsk i skulen og elles i samfunnet, i dei store byane, på bygda, og på internett. Vi skal vere stolte av at vi har vårt eige språkmangfald. Men då må politikarane satse – ikkje kutte. Du får ikkje kjøpt eigenart og identitet for pengar. Det tek tid å byggje, og det er verdifullt.Lat dei neste fire åra bli startskotet på ein gullalder for nynorsken og sidemålsordninga.