aktuelt

Velkomen til haustseminar i Oslo!

Foto: Kristianne Marøy

Mållaget inviterer til haustseminar på Nynorskens Hus laurdag 18. og søndag 19. oktober.

Laurdag 18. oktober 
12.00 Lønsj 
13.00 Velkomen til haustseminar og velkomen til Oslo!
ved Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag og Tone Dahl, leiar i Oslo Mållag 

13.15 Utdeling av Nynorskstipend ved Peder Lofnes Hauge
Programinnslag ved nynorskstipend-mottakar. 

13.30 Stortingsvalet 2025. Kva får det å seie for sidemålssaka, grunnlovsendring og nynorsken?
Samtale med Sveinung Rotevatn*, nestleiar i Venstre og avtroppande leiar i Løvebakken Mållag, Solveig Vestenfor, ny stortingsrepresentant for Ap, Hans Andreas Starheim, nisjeredaktør i Alltinget og Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag 

14.30 Vegen mot Noreg 2025. Nytt arbeidsprogram for Noregs Mållag
ved Live Havro Bjørnstad, nestleiar i Mållaget og leiar i nemnda
Ordskifte og spørsmål  

15.00 Pause (med noko å bite i) 

15.20 KI, språkteknologi og nynorsk. Kva er status og kva bør gjerast? 
ved Åse Wetås, direktør i Språkrådet 
Spørsmål og ordskifte 

16.00 Korleis får vi eigentleg til eit nynorsk digitalt næringsliv? 
Samtale mellom Åse Wetås, språkdirektør, Ida Nicoline Glosimot og Lars Tore Skau frå Vipps, Johanne Viken Sandnes*, kommunikasjonsdirektør i SpareBank 1 Sogn og Fjordane, Øyvind Strømmen*, pressekontakt i Skyss og Marius Holm*, konserndirektør marknad og kommunikasjon.

16.45 Nynorsk salmebok 100 år
ved Anders Aschim, professor ved Universitetet i Innlandet 
(ferdig 17.30) 

17.45 Nynorsk rusletur i Oslo
Dei som ynskjer det, ruslar i fotspora til nynorsken i Oslo. Mellom anna innom grava til Ivar Aasen og Nynorsk bokhandel.
Oslo-los: Kjartan Helleve 
19.30: Middag på Kaffistova 

Søndag 19. oktober
09.30 Nynorsk inn i Grunnlova
ved Eirik Holmøyvik*, professor ved Universitetet i Bergen
Spørsmål og kommentarar

10.00 Kva gjer vi for å ta vare på språket vårt? Og kva er det vi ikkje tek vare på?
ved Margunn Rauset, språkforskar ved Universitetet i Bergen 
Spørsmål og kommentarar

10.45 Verving, verving, verving!
ved Live Havro Bjørnstad

11.00 Pause (med noko å bite i) 

11.15 Kvar finn vi dei 71 000 nynorskelevane i grunnskulen? Kva kan tala fortelje om språkbyte og utviklinga av demografien?  
ved Synnøve Marie Sætre, senterleiar hjå Nynorsksenteret ved Høgskulen i Volda
Spørsmål og kommentarar 

11.45 Kvifor vel elevar å halde på nynorsk i ungdomsskulen? 
ved Janne Sønnesyn, fyrstamanuensis ved Høgskulen på Vestlandet
Spørsmål og ordskifte 

12.30 Utdeling av Nynorsk næringslivspris 2025
ved Monika Haanes Waagan, juryleiar 

12.45 Pause (med noko å bite i) 
13.00 Helsing til Noregs Mållag frå Anne Lindboe, ordførar i Oslo 

13.15 Færre læringsressursar på nynorsk enn på bokmål. Ein gjennomgang av kartlegging av læringsressursar på nynorsk
ved Anniken Hotvedt Sundby, fyrsteamanuensis ved Universitetet i Søraust-Noreg
Førebudde kommentarar frå Thom Bjørnar Jambak*, nestleiar i Utdanningsforbundet og Ingvild Kogstad Brodal*, fagsjef i Forleggerforeningen
Spørsmål og ordskifte  

14.30 Takk for no! Lunsj og heimreise 

Programleiarar: Gunnhild Skjold, styremedlem i Noregs Mållag, og Sebastian Natvik, leiar i Norsk Målungdom og styremedlem i Noregs Mållag 

*Ikkje stadfesta. 

Praktisk og påmelding:
Haustseminaret er i Nynorskens hus, Rosenkrantz gate 8. Det er i Teatersalen til Bondeungdomslaget i Oslo. Middagen er på Kaffistova i same huset. 

Deltakaravgift for éin dag inkl lunsj: 250 kroner
Deltakaravgift for begge dagane inkl lunsj: 500 kroner
Festmiddag på Kaffistova laurdag kveld 250 kroner.  
Reisa til/frå Oslo og hotell må deltakarane eller laga betale sjølve.

Vi har avtale med Quality hotel Entry som ligg på Mastemyr, om lag 20 minutt med buss sør for Oslo. Pris for éi natt per person: 950 kroner. Du får tilsendt lenkje for tinging av rom når du har meldt deg på. (OBS! Du må stadfeste denne lenkja)

Påmeldingsfrist: For å sikre deg hotellrom, send påmelding i løpet av fredag 26. september.
Send e-post til per.arntsen@nm.no (Skriv også om det er noko vi bør ta omsyn til med maten eller liknande.)

Lag som har svak økonomi kan ta kontakt for å høyre om dei kan få eigen avtale. Dette gjeld også lag i Norsk Målungdom. Send e-post til gro.morken@nm.no 

Alle er velkomne!