Siste bokmålskommune på Vestlandet er historie
Kommunestyret i Eigersund vedtok i går kveld at kommunen skal gå frå å vere ein bokmålskommune til å vere ein språknøytral kommune.
– Dette er eit historisk vedtak. No er det ingen bokmålskommunar igjen i Rogaland eller på heile Vestlandet, seier Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag.
– Mållaget tykkjer det er stor stas at Eigersund går over til å bli ein språknøytral kommune. Det er ein viktig verdi at kommunane vert reelt tospråklege, slik at tilsette i kommunen også kan skrive saksutgreiingar og informasjon til innbyggjarane på nynorsk. Og det gjer at fleire av innbyggjarane får lese sitt eige skriftspråk, seier Peder Lofnes Hauge.
Siste halvåret er det gjennomført ein liten, og høgst fredeleg, språkrevolusjon i Rogaland. I vår synte bystyret i Haugesund veg då dei vedtok å gå frå bokmål til språknøytral kommune, og no følgde Eigersund kommunestyre opp. Både Eigersund og Haugesund er bykommunar, og å opne for både bokmål og nynorsk syner respekt for mangfaldet i desse byane og for omlandet rundt.
Det var Gunnar Kvassheim frå Venstre som fyrst tok opp saka i kommunestyret. Han var svært glad for positiv innstilling frå både kommunedirektøren og formannskapet. Han poengterte frå talarstolen at det er svært mange kommunar lokalt og nasjonalt som vekslar mellom å bruke nynorsk og bokmål både i sakshandsaming og i informasjon frå kommunen. Det går heilt fint, slo Gunnar Kvassheim fast og avslutta med at det vil kle ein kommune som skal vere saman for alle.