Korleis arbeide for meir nynorsk?
Kvart fjerde år vedtek Noregs Mållag nytt arbeidsprogram. På landsmøtet i april skal organisasjonen samle seg om eit nytt program for 2026–2030. No har du sjansen til å påverke kva me skal arbeide med.
Her kan du laste ned nemnda sitt framlegg til nytt arbeidsprogram.
Arbeidsprogrammet fortel kva Noregs Mållag skal arbeide med i åra framover. Programmet tar både for seg kva politiske og organisatoriske saker organisasjonen skal prioritere.
Dokumentet er viktig, og arbeidsprogramnemnda ynskjer seg så mange innspel som mogeleg, om både smått og stort. Me vonar også at lokallaga våre brukar årsmøta sine til ordskifte om programmet.
Fyrsteutkastet er no ute på høyring. Høyringa er open for alle, og høyringsfristen er 29. januar 2026.
Send innspel og endringsframlegg til framlegg@nm.no
Har du spørsmål, kontakt nemndsleiar Live Havro Bjørnstad på live.bjornstad@nm.no eller 91 75 39 37.