Verva oss varme i verveveka
Over 170 personar har meldt seg inn i Mållaget sidan 1. oktober. I løpet av verveveka melde 109 seg inn, takka vera iherdig verveinnsats i organisasjonen.
Målarbeid nyttar!
– Me trur på det me driv med. Stoda for nynorsken ville ikkje vore den same utan alle medlemene i Noregs Mållag, seier nestleiar Live Havro Bjørnstad. – Mange medlemer gjev oss større slagkraft!
Fem vinnarar i vervetevlinga
I løpet av verveveka tevla lokallaga i Mållaget om å verva flest mogeleg, og fem lag stakk av med bokpakker for innsatsen. Til saman verva dei 38 nye i løpet av veka.
Fron Mållag
Voss Mållag
Osterøy Mållag
Valle Mållag
Noregs Lærarmållag
Verv vidare
Frå 1. oktober kvart år får alle nye medlemer med neste år “på kjøpet” for 200 kroner. Derfor er hausten ei god vervetid. Om du kjenner nokon som bør bli medlem, send dei til www.nm.no/bli-medlem.
Gjennomslag
Det høge medlemstalet til Mållaget er eit tydeleg teikn på at mange bryr seg om målarbeid her i landet. Det var viktig i valkampen, og det er viktig i budsjettforhandlingane no i haust.
Snart 16 000
Målet vårt er å nå 16 000 medlemer for andre år på rad. Denne målsetjinga er no innan rekkevidd, og kven veit om Mållaget også går forbi fjorårets rekordhøge 16 378? Det vil i så fall vera det høgste medlemstalet sidan 1985.