aktuelt

Kven skal styra Noregs Mållag?

Styret i Noregs Mållag 2024-2026. Foto: Kristianne Marøy

Framlegg til kandidatar til styret i Noregs Mållag

Valnemnda er i gang med arbeidet med å føreslå nytt styre for Mållaget for landsmøteperioden 2026 til 2028. Alle i styret blir valde for to år og er på val kvart ordinære landsmøte.

Har du eit godt namn til desse verva? Då vil valnemnda gjerne høyra frå deg innan 15. desember. Skriv helst ei lita grunngjeving for framlegget, altså kva kunnskap og eigenskapar kandidaten har, som gjer at du føreslår vedkomande. Skriv også om det er du eller eit lag som står bak framlegget.

Her kan du senda inn framlegg.

Valnemnda er no:
Marit Aakre Tennø (leiar)
Birgitta Lim Ersland
Fredrik Heimsæter
Ola Haugen Havrevoll
Jógvan Helge Gardar (NMU)
Inger Johanne Sæterbakk (1. vara)

Her finn de kontaktinformasjonen til valnemnda

Lov for Noregs Mållag seier dette om valnemndsarbeidet:

§ 7.1 Etter tilråding frå styret i Noregs Mållag vel kvart landsmøte ei valnemnd på 5 medlemer med 3 varamedlemer. Leiar for nemnda vert vald særskilt. Nemnda sit til neste landsmøte. Ein av medlemene med personlege varafolk skal vera vald av landsmøtet i Norsk Målungdom, jf § 3.3.

§ 7.2 I arbeidsbolken førebur valnemnda vala på landsmøtet. Nemnda oppmodar fylkesmållaga, einskildlaga og medlemene om å koma med framlegg til valet. Nemnda må ha ferdig tilrådinga seinast seks veker før landsmøtet.