aktuelt

Stålande program på samling for unge vaksne

Då får du mellom andre møte Mirell Høyer-Bentsen, ny stortingsrepresentant for SV, i kulturkomiteen på Stortinget.

Til helga inviterer Noregs Mållag medlemer og tillitsvalde mellom 25 og 40 år til samling på skrivarstova i Dronningens gate i Oslo. Dei får med seg eit rikhalding og interessant program.

Laurdag 22. november: 
Møteleiarar for helga: Synnøve Marie Sætre  

11.30 Lunsj 
12.30 Velkomen til felles samling for unge vaksne
ved Live Havro Bjørnstad, nestleiar i Noregs Mållag 
Presentasjonsrunde.

12.45 Kva treng nynorsken og nynorskbrukarane i dag? Dei fem store frå Mållaget
ved Live Havro Bjørnstad, nestleiar i Noregs Mållag

13.00 Kva slags spelerom har nynorsken og målsaka i den nye stortingsperioden?
Mirell Høyer-Berntsen, stortingsrepresentant for SV i kulturkomiteen og Frida Pernille Mikkelsen, politisk rådgjevar i Noregs Mållag. (Det kjem truleg til fleire namn.)

14.15 Pause med bakst 

14.45 Presentasjon av utkast: Noreg 2025. Arbeidsprogram for Noregs Mållag.
ved Live Havro Bjørnstad, leiar i nemnda og nestleiar i Noregs Mållag 

Førebudde kommentarar: Er dette eit program for framtida?
Kristian Thaule, leiar i Valle Mållag
Endre Helland Gujord, sentralstyremedlem i Norsk Målungdom
Karen Mjør, styremedlem i Oslo Mållag 
Spørsmål og ordskifte 

16.00 Pause 

16.15 Om å vere ung og fersk i Mållaget. Slik driv vi lokallagsarbeid.
Tre oppspel frå ulike deltakarar og runde i møterommet
Ingrid Handeland, leiar i Juristmållaget 
Astrid Larsen Vetrhus, leiar i Varanger Mållag 

17.15 Vi bryt opp og gjer oss klar for Det Norske Teatret 

18:00 Førestilling på Det Norske Teatret: MAGIC MOUSE vs. CAPITALISM
(førestillinga tek om lag 2 timar) 

20.30 Middag på Skrivarstova

Sundag 23. november: 
10.00 Nynorskkompetanse og normrettleiings­kompetanse hos master- og lektorstudentar i nordisk
ved Agnes Wigestrand Hoftun, doktorgradstipendiat i nordisk språkvitskap ved Universitetet i Stavanger 
Spørsmål og kommentarar 

11.15 Pause 

11.30 Korleis står det til med nynorsken i Medie-Noreg?
ved Jógvan Helge Gardar, styreleiar i Kringkastingsringen 

12.00 Kva gjer vi for at unge vaksne skal finne lesegleda (igjen)?
ved Janne Nygård, forlagsredaktør i Skald 

12.30 Pause 

12.45 Kvar finn vi dei 71 000 nynorskelevane i grunnskulen? Kva kan tala fortelje om språkbyte og utviklinga av demografien?  
ved Synnøve Marie Sætre, senterleiar hjå Nynorsksenteret ved Høgskulen i Volda
Spørsmål og kommentarar 

13.30 Evaluering. Takk for no og lønsj! 
Slutt om lag 14.