100 år sidan Nynorsk salmebok
I dag er det på dagen 100 år sidan Nynorsk salmebok vart autorisert for kyrkjebruk i statsråd, og det ville me i Noregs Mållag markera med ei samling i Bergen domkyrkje.
Med Live Havro Bjørnstad, nestleiar i Noregs Mållag, i spissen, saman med biskop i Bjørgvin, Ragnhild Jepsen og leiar i Bjørgvin bispedømeråd, Oddny Miljeteig, vart det ei veldig fin markering med mange frammøtte, strålande kake, god kaffi og nokre gode ord.
Noregs Mållag, Nynorsk kultursentrum, Kyrkjerådet og Norsk hymnologisk forening har i år gått saman om å laga ei felles jubileumsside for dette hundreårsjubileet, og me inviterte mållag, kor, prestar og sokneråd til å laga lokale markeringar gjennom året.
Då nynorsken framleis var ung og fersk, og dei aller fleste enno ikkje hadde hatt nynorskopplæring i skulen, vart salmesongen i kyrkjene svært viktig for det nye språket. Me kan trygt seia at nynorsk for godt over hundre år sidan vart sungen inn i kyrkjene. Og salmane til Elias Blix var dei fyrste og dei viktigaste.
Bergen domkyrkje var biskop Peter Hognestad si eiga kyrkje. Han var heilt sentral i dette arbeidet. Peter Hognestad, biskop Bernt Støylen og sokneprest Anders Hovden brukte fire år på å laga salmeboka.
Ho vart klar sommaren 1925 og vart straks lagd ut for sal. Men ho måtte bli godkjend for bruk i kyrkja. Det vart ho i statsråd 18. desember 1925. Salmeboka vart ein skikkeleg suksess! Ho var i bruk i bortimot 60 år, og på det meste i etterkrigstida brukte ein tredjedel av kyrkjesokna i Noreg denne salmeboka.
Den nynorske salmeboka fekk svært mykje å seia for nynorsk som kyrkjemål og for nynorsk som samfunnsberande språk.
Salmeboka sette spor i seinare salmebøker. I 1985 vart Nynorsk salmebok erstatta av Norsk salmebok, som var ei felles salmebok med salmar på både nynorsk og bokmål.
Salmar på nynorsk er allemannseige og vert brukte både i nynorsk- og bokmålsområde. At til dømes Det lyser i stille grender av Jakob Sande vert sungen anten du er i Nidarosdomen, Oslo domkyrkje eller på Voss, eller at alle kyrkjelydar i Noreg kan syngja nasjonalsongen til samane Sámi soga lávlla, gjev oss alle ein språkleg rikdom.
Det kan me også gle oss over. Hundre år etter den nynorske salmeboka.