aktuelt

Rekordstort Noregs Mållag veks vidare!

Dei siste åra har medlemstalet i Mållaget auka kraftig. Denne veka nådde organisasjonen det høgste medlemstalet på 40 år, heile 16 426 medlemer!

Målsaka er viktig for både nynorskbrukarar og bokmålsbrukarar. No er Mållaget over 2000 fleire mållagsmedlemer enn for fem år sidan, 4000 fleire enn for ti år sidan, og 6000 fleire enn for tjue år sidan.

– Folk ser at arbeidet vårt fungerer. Mållaget står bak viktige gjennomslag for nynorsken både lokalt, regionalt og nasjonalt. Fleire medlemer er med på å gjere alt dette mogeleg, seier Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag.

– Medlemsauken har ikkje skjedd over natta. Dei aller fleste medlemene i Mållaget er med i årevis. Det lovar godt for vidare vekst. Me er ein triveleg gjeng som ynskjer alle velkomne i lokallag over heile landet, seier Peder Lofnes Hauge.

– No brettar me opp ermene for eit nytt år med eit rekordstort Noregs Mållag. Me skal få til viktige politiske gjennomslag for nynorsken og nynorskbrukarane, seier Live Havro Bjørnstad, nestleiar i Noregs Mållag.