leiarteig

Ei uro er kommen over meg

Eg klarer ikkje fri meg frå tanken om at vi snart må i krigen for sidemålskarakteren.

Då eg sette meg ned for å skrive denne leiarteigen, var tanken å skrive om korleis eit nynorskvenleg stortingsfleirtal burde utnytte valresultatet og ta initiativ til eit storstilt nasjonalt positivt sidemålsforsøk. Endeleg kunne vi få undersøkt effektane mellom anna ved å byrje med systematisk opplæring tidlegare og å bade elevane i nynorsk i andre fag enn norsk.

Likevel: Vi har bak oss ein valkamp som frå vår side var prega av kampen for sidemålsordninga slik vi kjenner ho. Alle elevar skal få lov å lære både bokmål og nynorsk, slik at dei har ekte fridom til sjølve å velje kva språk dei vil nytte i ulike situasjonen – resten av livet. Denne kompetansen må vere synleg på vitnemålet. I ein karakterstyrt skule er det avgjerande for å sikre at arbeidet med sidemål blir prioritert av både lærarar og elevar. Sidemålskarakteren signaliserer likeverd mellom nynorsk og bokmål. Å fjerne karakteren vil sende eit signal om at sidemål ikkje tel like mykje som hovudmålet, og slik svekkje jamstillinga mellom nynorsk og bokmål.

Med dagens stortingsfleirtal burde sidemålsordninga vere trygga, men krefter i dei fleste parti snakkar høgt om talet på norskkarakterar og er usikre på behovet for eigen karakter i skriftleg sidemål. Spørsmålet er kva dei tiskar og kviskrar om i Kunnskapsdepartementet. Forstår kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun at det er politisk sjølvmord å leggje seg ut med målrørsla – og fleirtalet i Stortinget – i dette spørsmålet? Eller blir det for freistande for ho å melde hardt i ei sak der ho har snust seg fram til kva som blir godt motteke i klasse- og lærarrom?

I 2012 bad dåverande kunnskapsminister Kristin Halvorsen (SV) Utdanningsdirektoratet greie ut ei samanslåing av karakterane i hovud- og sidemål. Det er det dummaste ho nokon gong har gjort. Det er grensesprengande naivt å ikkje sjå kva krefter ein då legg seg ut med. Reaksjonane let ikkje vente på seg. Målrørsla mobiliserte, og internt i SV blei det opprør. Heidersmedlem i Noregs Mållag Oddny Miljeteig (SV), verva omlag 500 medlemer til mållaget aleine. Om Nessa Nordtun freistar å gjere det same spår eg eit Vestlandsopprør i eigne rekker. 

Norsk er det viktigaste og desidert største faget vi har i skulen. Det er ikkje unaturleg at dette er reflektert på vitnemålet. Likevel masar krefter i fleire parti om at det er for mange norskkarakterar og at sidemålskarakteren difor må ryke. Merkeleg nok snakkar få om den diffuse norsk munnleg-karakteren, men det er no ei anna skål. Dette handlar om nynorsk – og bokmålselevane sin manglande motivasjon for å lære han. Det hjelper ikkje at mange lærarar er uskikka til å drive opplæring i og på nynorsk. Likevel er dei tilsette i norsk skule.

Vi har enno ikkje fått ei vurdering av konsekvensane av å fjerne sidemålskarakteren i 8. og 9. klasse på ungdomsskulen og 1. og 2. klasse på vidaregåande. Men vi får tilbakemeldingar på at det fører til seinare start med arbeidet med sidemål på ungdomsskulen, sidan karakteren ikkje skal setjast før i tiande klasse. Å fjerne karakteren også i 10. klasse og 3. klasse er direkte uansvarleg for ein statsråd med det politiske ansvaret for lese- og skriveopplæringa til norske elevar.

Frå skuleåret 08/09 har karakterane i norsk hovudmål og sidemål gått sakte og stabilt oppover. Det var ein dupp i 10/11, men det gjekk rett opp att året etterpå. Skuleåret 21/22 er det første året med vurdering berre i 10. trinn og vg3. Frå 22/23 gjekk snittet i både hovudmål og sidemål ned, og har stabilisert seg der. I mangel på andre undersøkingar er dette det einaste vi har å sjå til. Og det vitnar jo om at det verken er til hjelp for hovudmål eller sidemål at det ikkje er vurdering før mot slutten av skuleløpa.

Heller enn å fjerne sidemålskarakteren bør vi jobbe for tidlegare start med systematisk sidemålsopplæring, betre og meir engasjerande opplæring, og auka kompetanse hos lærarar som underviser i og på nynorsk.

Kunnskapsministeren har vist seg som ein politikar som forstår straumdraga i det offentlege ordskiftet – og handle etter dei. Ho har hatt både vilje og evne til å gjere noko med utfordringar i skulen, om det så er snakk om mobilbruk i skuletida eller behovet for mindre skjerm og fleire fysiske lærebøker. Ho står no overfor eit stort val: Skal ho gå inn i historiebøkene som ein kunnskapsminister som tok språkopplæringa til norske elevar på alvor, eller skal ho kopiere Halvorsen sitt mageplask – og føreslå å økse ned nynorsken sin rettmessige plass i norskfaget?

Peder Lofnes Hauge
Leiar i Noregs Mållag