Snakke med aksent om heime
Safia Elhillo:
Januarbarna
Lo forlag, Mandal 2026
Gjendikta frå engelsk av Asha Abdullahi og Ida Hove Solberg
Kring leggane åt dei store gror alltid ein underskog av småforlag. Dei skil seg ut frå dei etablerte med særeigen estetikk, litterær kvalitet og sans for blindsoner, og trivst ofte på eit merksemdsnivå som gjev rom for eksperimentering. Somme slår rot i for karrig jord, men andre veks seg inn i nisjane og tomromma litteraturverda alltid har nok av. Etter pandemien har det kome fram mange slike forlag, og med god hjelp frå festivalar og bibliotek, nyoppstarta bokhandlarar og institusjonar som Tekstallmenningen i Bergen, kan kanskje fleire av dei finne ein verande plass i bokheimen. Nye forlag som Meteor, Briskeby, Find, Existenz, Akantus og Camino omset dessutan breitt, og gjev ut utanlandske bøker, både klassikarar og nykomarar, som kanskje aldri elles ville kome på norsk.
Eit slikt er også Lo forlag, starta i 2023 og drive av mellom andre poetane og gjendiktarane Erlend Wichne og Ida Hove Solberg. Forlaget vil, seier dei sjølve, utfordre premissa for kunstnarleg omsetjing og utforming av bøker, og samarbeider difor tett med risotrykkeriet Blekksprut’n i Oslo. I januar gav dei ut si andre bok.
I opposisjon
Safia Elhillo er ein sudansk-amerikansk poet fødd i Maryland i USA i 1990. Januarbarna frå 2017 var den fyrste av dei til no fire bøkene hennar, og den einaste som er komen på norsk. Boka har namn etter generasjonen fødd i Sudan under britisk okkupasjon, då born vart tildelte fødselsår etter høgde, alle med fødselsdato 1. januar.
Lanseringa finn stad på Samvirkelaget Rosa Bøker i Gamle Oslo, ei klassisk motkulturell sjappe opna i 2024, med maktkritikk, småforlag og teikneseriar på hyllene, og knapt med plass mellom stolane. Medan gjendiktarane les høgt kjem ein raskt på kvifor norskdomsrørsla og motkulturane har så sterke historiske band: Nynorsken er språket til minoritetane, det er språket til arbeidarane, det er språket til dei som ikkje kjem til orde. I dei seinare åra er det kanskje serien Norsk røyndom frå Samlaget som har vist denne koplinga best, men det er den same arva som gjer det så passande at Januarbarna kjem på nynorsk.
Form til innhaldet
I samlinga utforskar Elhillo mange ulike former, frå korte aforismeliknande dikt til tankestraumar, samtaler og intervju. Den dominerande forma er likevel oppstykka, rytmiske dikt i ein lett forteljande modus. Eit gjennomgåande formgrep er lange mellomrom midt i verselinjene, noko som stundom gjev eit dvelande, tenksamt humør, men som andre gonger kan gje tekstane eit hektisk, suggererande preg.
Desse grepa femnar innhaldet godt, og gjev lesaren ei djupare forståing av konfliktane i diasporalivet, frå raseri til utanforskap til fortviling til nostalgi. Tilfanget i Elhillos diktarverd er rikt, men den viktigaste raude tråden er sambandet eg-et kjenner med musikken til den egyptiske songaren Abdelhalim Hafez (1929–1977) – eit som ofte slår om i eit parasosialt forhold til mannen sjølv, al andalib al asmar – den svarte nattergalen. Hafez fungerer som ein spegel, eller kanskje som ein avatar for eg-et. Han er, som Elhillo skriv i føreordet, «ein figur som eg kunne hekte på alle kjenslene».
Diaspora og dialog
Kva einskilde ord eigentleg betyr er eit viktig tema for Elhillo, men i dikta er det særleg eitt ord som skil seg ut frå tekstane til Hafez: asmarani. På overflata er det eit arabisk kjælenamn for ein person med brun eller mørk hud, men i kontekst vert det reelle innhaldet forskove. Slik vert ordet eit prisme for skilnadane Elhillo så gjerne vil forstå seg på, mellom sudanarar og arabarar, mellom sudanarar og eksilsudanarar, mellom svarte og kvite.
Det er ikkje alltid kvart einskild dikt sit heilt, men alt i alt er Januarbarna ei svært solid samling tekstar med imponerande register. Det er ei diasporadiktsamling som ikkje berre er reint politisk, nostalgisk eller sjølvsentrert, men som ser heilskapen, brettar ut nyansane og viser at mange av spørsmåla ein stiller seg når ein står mellom kulturar, slett ikkje har noko svar, og at dét er slik det må vere. Med den innstillinga får Elhillo fram både tankevekkande og rørande scener på tvers av generasjonar og kulturar, stundom også på tvers av røyndom og mytologi, som i diktet «elskarane».
Den flotte omsetjinga til Ida Hove Solberg og Asha Abdullahi har fått eit nydeleg grafisk uttrykk, og med illustrasjonane til Annika Linn Verdal Homme vert Januarbarna verkeleg ei heilstøypt utgjeving.
Jógvan Helge Gardar