teater

Ikkje med øks, men med tid

Foto: Siren Høyland Sæter / Det Norske Teatret

Mottakinga har vore både særs positiv og tvilande til Medmenneske på Det Norske Teatret. Nokre av innvendingane kjem jamvel frå scena.

Tekst: Jógvan Helge Gardar

I stilla flyt einslege feletonar gjennom salen. Mange sekund går før ei rørsle bryt gjennom mørkeret. Ho tenner ei fyrstikk, så eit stearinljos, og i skjeret frå flammen ser me trekka til Ragnhild der ho kveikjer opp i omnen. Snart kjem verfaren Didrik heim, og familiedramaet på Stavsund kan ta til. I løpet av kvelden kjem Ragnhild (Ameli Isungset Agbota) til å drepa Didrik (Geir Kvarme) med øks, men når dei to kjem ut i foajéen til intervju, er dei vel forlikte. 

Lang tradisjon

Romanen Medmenneske kom ut i 1929, og sidan 1937 har han vore jamleg å finne på repertoaret hjå Det Norske Teatret med mange av våre viktigaste skodespelarar i rollene.

Geir Kvarme fortel om eit nyleg møte med ein eldre mann i dusjen på treningssenteret. Han vart attkjend, ikkje som seg sjølv, men som Didrik: Espen Skjønberg var verre enn deg, sa mannen. Skjønberg spelte den ærgjerrige og trassige kårkallen i Fjernsynsteatret i 1981, og for mange er det nok han som er Didrik Dale.

– Men eg har jobba medvite med at han ikkje berre skal vera vond. Det tykkjer eg er så uinteressant, for eg trur ikkje noko menneske er berre vondt.

Vanskeleg overføring

Denne oppsetjinga er ei ny dramatisering av Johannes Holmen Dahl, som også har regien, og som har mange suksessar bak seg i lag med scenografpartnaren Nia Damerell. Olav Duun meinte sjølv han ikkje var mykje til teatermann, sjølv om han mot slutten av livet var med på å få i stand den fyrste oppsetjinga av Medmenneske på Det Norske Teatret. 

Geir Kvarme er også i tvil om dei viktigaste kvalitetane til Duun let seg overføre til scena:

– Han er ein heilt fantastisk forfattar i karakterteikninga si. Det har me kanskje ikkje lukkast heilt med i den versjonen me gjer, å byggje den kompleksiteten som ligg i litteraturen, og å få det over i eit scenisk materiale. 

Mottakinga av stykket har vore sprikande, så eg freistar meg frampå med eit spørsmål om kvifor:

Kvarme: Diktingsrommet mellom litteraturen og lesar er mindre på teater, og det tek me ikkje alltid nok omsyn til. Mesteparten av kvaliteten til Duun, vil mange seia, ligg i det litterære, som ikkje er mogleg å få inn på scena. Derfor skal ein vera lydhøyr for dei som seier et me ikkje får det til å fungere. Og så skal ein vera glad for dei som tykkjer det er nok.

Skodespelarane peikar også på dei store kulturforskjellane frå teksten til notida, særleg når det gjeld forholdet ein har til høgare makter.

Agbota: Det er ein del metatekst som har forsvunne ut. Mykje som handla om Gud.

Kvarme: Gud er veldig til stades i Olav Duuns Medmenneske, men han er nær fråverande i førestillinga vår. Desse menneska er forankra, dei er lenka til Gud i liva sine, men i oppsetjinga er forholdet til Gud tona kraftig ned. Dei diskusjonane der tykkjer eg ofte me tek litt lett på. 

Språkspørsmålet

Ein skal som regel ikkje langt inn i ei samtale om Olav Duun før ein byrjar snakke om den særeigne skriftnormalen hans, og om samspelet mellom nynorsk og dialekt i tekstane hans. Korleis høyrest det då ut frå scena? Medmenneske i 2026 har ikkje den same trønderske klangbotnen ein finn i romanen, i eldre oppsetjingar og i Fjernsynsteatret, men heller eit større spenn av målføre. 

Kvarme: Eg tykkjer me jobbar altfor lite med språket. Det er noko som irriterer meg, at me som skodespelarar har gjeve frå oss eit verktøy som handlar om nettopp språk og identitet. Når me speler Duun, skulle me spelt på trøndersk.

Agbota: Om me skulle gjort det på trøndersk, måtte me ha starta eit halvt år i forvegen, men det valet vart ikkje teke stilling til, trur eg.

Kvarme: Ein familie kan godt snakke ulike dialekter, men det har ei historie. Alt byrjar ein plass, og det tykkjer eg me skal reflektere i teateret. Så seier me at me brukar eigne behov, til å snakke eiga dialekt. Det tykkjer eg øydelegg for konsistensen i historia. Det meiner eg, og folk vil vera rykande ueinige med meg, og tenkje at det er ein bagatell. Eg tykkjer ikkje det er det.

Evig aktuell?

Agbota har verkeleg fått smaken på litteraturen til Duun, og har lese vidare i Ragnhild-trilogien, der Medmenneske er fyrste bok.

– Det er det relasjonelle og det mellommenneskelege som gjer Duun evig aktuell. Eg seier det til alle eg møter: Les Duun!

Likevel er det lenge sidan forfattaren har vore blant dei mest populære, særleg blant yngre generasjonar. Kanskje er det heile nyrealismen som er av moten, eller er det noko med Duun sjølv? Falkberget, Undset, Uppdal – det er fleire av desse namna som verkar fjernare frå tidsånda no enn dei pla.

Kjem Duun til å få ein renessanse i jubileumsåret?

Kvarme: Eg trur ikkje det. For tida vår er annleis, med hjernane våre som er blitt skrollemonitorar. Duun er ikkje noko du sleng gjennom.

Agbota: Det er sakte lesing.

Kvarme: Om ein skal lesa han rettferdig, er ikkje det noko ein gjer medan ein multitaskar eller et knekkebrød, altså. Ein må gå inn i kvar setning, så rikt er det. Og det er som om tida vår ikkje er der.

Agbota: Men det er mykje meir fokus på lesing no blant unge menneske, og at ting skal ta tid. Det er lenge sidan eg har lese noko som er så krevjande, og er veldig glad for at eg vart tvinga til det.

Kvarme: Ja, det er verkeleg krevjande. Det krev noko av ein, og det tykkjer eg er ei slags kjærleikserklæring frå ein forfattar, at han seier: Veit du kva? Dette er eit samarbeid mellom deg og meg. Dette krev også noko av deg.

Det Norske Teatret speler Medmenneske fram til 22. mars.