aktuelt

Ny start for Haram Mållag!

Påtroppande nestleiar i Haram Mållag, Isabella Rubie Pareliussen og ordførar i Haram kommune, Vebjørn Krogsæter, fekk æra av å dele opp kaka. (Foto: Hege Lothe)

I februar vart Haram Målag starta opp att etter nokre år utan aktivitet. Det måtte feirast med kakeslabberas!

Påtroppande nestleiar i Haram Mållag, Isabella Rubie Pareliussen og ordførar i Haram kommune, Vebjørn Krogsæter, fekk æra av å dele opp kaka.
Tidlegare stortingsrepresentant, Birgit Oline Kjerstad, vart vald til ny leiar i Haram Mållag, men fekk dessverre ikkje med seg sjølve årsmøtekvelden. Heile tolv oppmøtte på årsmøtet, gjorde kvelden til eit skikkeleg kjekt kakeslabberas, og det var god semje om at no er tida inn for at Haram Mållag vaknar til liv att. Laget er ein del av Sunnmøre Mållag og har heile 73 medlemer.

Det var velkomsthelsing frå Birgit Oline Kjerstad som Isabella Rubile Pareliussen las opp. Deretter var det fine helsingar frå Vebjørn Krogsæter, ordførar i Haram kommune og Margrethe Sofie Rogne, frå Longva i Haram og leiar i Ålesund Målungdom.

Også Hege Lothe, informasjons- og organisasjonsrådgjevar i Noregs Mållag, helsa laget og la spesiell vekt på kor viktig det var at kommunen no skal gå over til å undervise i nynorsk i vaksenopplæringa.

Slabberas og årsmøte på Brattvåg bibliotek. Frå venstre: Margrete Sofie Rogne, Isabella Rubie Pareliussen, Natalie Diaz Rakvåg, Rune Einarsson Løndal, Trude Finnanger, Jarl Inge Haram, Line Mork Vatneødegård, Lars Martin Vik, Randi Skjelten og Kristin Håvik Breivik.

Det nye styret ser slik ut:
Birgit Oline Kjerstad, Longva, leiar 
Isabella Rubie Pareliussen, Haramsøy, nestleiar 
Line Mork Vatneødegård, Vatne 
Trude Finnanger, Brattvåg
Tollak Mikal Kaldheim Krogsæter, Vatne  

1. vara: Lars Martin Vik, Tennfjord 
2. vara: Natalie Diaz Rakvåg, Vatne 
3. vara: Siv Karin Ulla Hagala, Vatne 
4. vara: Kristin Håvik Breivik, Brattvåg