lokallag

Bruk Norsk Barneblad og Inn i undervisninga!

I KLASSEROMMET: Anders Folkestad, , leiar i Stranda Mållag, deler ut bladet Inn på Ringstad skule. Foto: Rita Løseth/Nyss

– Me fer til skulane og gjev dei klassesett med Norsk Barneblad kvar månad. Det krev litt arbeid, men gjev veldig mykje att. Dette bør mange lag prøve, ikkje minst lokallag i bokmålsområde!

TEKST: Ingar Arnøy

Lokallaga i Noregs Mållag har i mange tiår gjeve Norsk Barneblad i gåve til skular i kommunen sin. Det har sikkert ymsa kor mykje skulane brukar bladet i opplæringa, men etter at Barnebladet starta eit samarbeid med Nynorsksenteret er dette vorte endå meir aktuelt – og viktig. Til kvart nummer av Barnebladet lagar Nynorsksenteret ei lærarrettleiing til ein eller fleire artiklar i bladet. Dermed blir det lett for lærarar å bruke bladet i undervisninga.

Lunde Mållag gjev bladet til tre skular. 

– Me køyrer til skulane kvar månad og deler ut bladet beint til klassane. På denne måten får me snakka med lærarane om bruken av bladet, og kan hende også kveikt lærarane til å bruke bladet i undervisninga, seier Kristian Ihle Hanto, leiar i Lunde Mållag. 

– Me har også ei økt med elevane der me presenterer siste nummeret. Me plar òg ha ei forteljing til elevane. Det kan vere om nynorsk, om Aasen, Vinje eller nokon av dei andre viktige målreisarane, om teaterslaget i 1913 – og me les eit stykke god poesi eller prosa, kanskje eit eventyr på nynorsk. Elevane likar denne økta svært godt og det er kjekt for oss med, seier Hanto.

På spørsmål om han tykkjer fleire lag bør prøve dette, å fare beint til skulane og dele ut bladet, svarar Hanto eit kraftig ja:

– Det krev litt arbeid, men gjev veldig mykje att. Og det er like viktig i bokmålsområde som i nynorskområde, no når alle skal lære begge språka frå 1. klasse. Språk og særleg skriftspråk er mykje godt eit spørsmål om vane, og dess tidlegare bokmålselevane møter og brukar nynorsk, dess betre blir dei vane med nynorsk, seier Hanto.

Aktivitetshefte, Inn og Maria Parr

Attåt utdeling av Norsk Barneblad til skuleklassar er det mange lag som (også) deler ut heftet Aktivitetar. Heftet blir laga av Ulstein Mållag og inneheld kryssord, teikneoppgåver, quiz, rebus og mykje meir. Mellom anna Jæren Mållag har delt ut heftet til alle 4. klassingar i Time og Klepp. 

I fjor haust laga Ulstein Mållag eit nytt hefte dei kalla Inn. Det inneheld m.a. eit stykke av Maria Parr, skrive særskilt for dette heftet (stykket heiter Berre ein katt og det er framleis Oscar og eg). Over tjuge lokallag over heile landet tinga bladet og har spreidd det til tusenvis av elevar, seier Olsen.

Eitt av desse laga er Stranda Mållag på Sunnmøre. I desember i fjor tok laget turen til Ringstad skule og gav heftet til 4. og 5. klasse på skulen. – Elevane på skulen er fole flinke til å lese, men så ville me stimulere litt ekstra og ha eit hefte til kvar elev, seier leiar i laget, Anders Folkestad og styremedlem Martine Rørstad Sand. Etter at me delte ut hefta, samla elevane seg i flokkar og bladde gjennom heftet. Til lokalavisa Nyss gav elevane denne domen: – Det ser spennande ut, og me elskar at det er teikneserie i det. Me kjem garantert til å lese heile, og så gler me oss til å løyse kryssord og teikne, slår elevane fast.

– Dette er ein enkel og fin måte å kome i prat med lærarar og elevar på, seier Folkestad. Skulane blir glade for å få gratis tilfang, og ikkje minst er elevane glade for at det er eit fysisk hefte. Det skal ikkje så mykje til å kome i kontakt med skulane, og det er svært viktig for oss slik at me får høyre om og lære korleis kvardagen deira er. Og kan hende kan me hjelpe til med å gjere kvardagen enklare for elevane og lærarane, seier Folkestad.

– Det har vore ei glede å lage Inn i samarbeid med så flinke forfattarar og illustratørar. Me er veldig nøgde med bladet, som også inneheld kryssord, teikneseriar, aktivitetar og lesetips, seier Arild Torvund Olsen, leiar i Ulstein Mållag. 

– Og fleire lag må gjerne tinge heftet frå oss. Det kostar 20 per hefte og er ei god og billig investering for å styrkje nynorsk i skulen, seier Olsen.

Heftet kan tingast med å skrive til Ulstein Mållag på arild@hufsa.net.