åremål

Arne Garborg 175 år

Arne og Hulda Garborg med sonen Arne «Tuften» Olaus Fjørtoft Garborg mellom seg. Foto: Ola Andreas Stang Geelmuyden/Oslo Museum

TEKST: Ørjan Zazzera Johansen, Garborgsenteret

I 1920 var det ekstra spenning i Noreg rundt tildelinga av Nobelprisen i litteratur. Avisene hadde bygd opp til tvikamp mellom Knut Hamsun og Arne Garborg sidan 1919. Først i 1920 kom duellen dei forventa. Norske aviser trykte det eine innlegget etter dei andre. Kven var den største forfattaren? 

Kandidatane fekk det sjølvsagt med seg. Hamsun sende eit brev til vennen som hadde nominert han, og skreiv at han håpa han slapp å dela prisen med ein nynorskforfattar.

Dokumenta til Akademien viser at dei diskuterte å dela prisen mellom dei. Til slutt kunngjorde dei at vinnaren heitte Knut Hamsun. 

I dag verkar det merkeleg, men det var lite jubel i Noreg. Feil nordmann hadde vunne. 

I staden for å snakka Hamsun ned, bestemte mange seg for å løfta Garborg opp. Han skulle fylla 70 år 25. januar 1921, og blant dei som oppfordra til ei folkegåve på bursdagen hans var den sittande og dei tre føregåande statsministrane. Men Noregs Ungdomslag fekk ein ny idé: Dei ville samla inn til «Folkets nobelpris». Nokre veker seinare overrekte dei Arne Garborg 104 000 kroner, nesten tre millionar i dagens kroneverdi. Mellom givarane var menneske frå alle samfunnslag i heile landet, også bokmålsbrukarar. I tillegg fekk han ein hest og ein medalje. 

Prismottakaren var sjuk på bursdagen sin, men kom seg opp av senga i to timar. Avisene rapporterte at han var rørt då han mottok prisen heime på Labråten i Asker. Seinare skreiv han at det å få folkets pris var større enn å vinna den offisielle prisen. 

Tre år seinare, 14. januar 1924, døydde Arne Garborg av lungebetennelse. Då nyhenda kom, avbraut stortingspresidenten debatten i Stortinget. Frå talarstolen kunngjorde han at ein av landets største søner var gått bort. Eit einstemmig storting gjekk inn for gravferd på statens kostnad, den einaste diktaren som blei vist ei slik ære i ein periode på førti år. Men Stortinget hadde også sine krav. Garborg tilhøyrte folket, ikkje familien. Kona Hulda og sonen Tuften blei overkøyrde i planlegginga. Stortinget valde hovudstadens største kyrkje for å seia farvel til ein mann som hadde meldt seg ut av statskyrkja. Kongen, alle stortingsrepresentantane og alle statsrådane møtte opp.

Seks målungdommar førte kista frå Asker til Oslo i iskaldt januarregn. 

Garborg blei kremert, og familien fekk løyve frå regjeringa til å setta urna i haug utanfor skrivestova Knudaheio på Jæren, der diktaren hadde utsikt til barndomsheimen på Garborg.

Dei første fire dagane etter dødsfallet trykte norske aviser over 120 nekrologar, dei aller fleste unike. Kvar vesle lokalavis hadde eit redaksjonsmedlem som kjende Garborgs bibliografi og betyding. Hyllesta var unison, men handla om meir enn litteratur. Ho uttrykte takksemd for kampen Garborg så utrøytteleg hadde ført for det norske folket: for nasjonalt og personleg sjølvstende, for fridom til å meina og tru, til å røysta og uttala deg, til å lesa eit språk du forstod, skriva på det språket som var enklast for deg, til å bli kva du ville, gifta deg med den du elska, elska sjølv om du ikkje var gift. Me må nesten legga til på Garborg sine vegner: fridom til å gå med holete tresko og ei fillete skyggelue om du likte desse best.

Folket visste kva han hadde gått gjennom, eller iallfall noko av det. Arne Garborg valde fattigdom fleire gonger. Først då han sa frå seg odelen for å bli forfattar. Nest då han selde Lærer-Standens Avis for å «studera eller døy». Tredje gongen då han takka nei til jobb på slottet for å vera fri til å kritisera kongen. Fjerde gongen då han valde å skriva eit språk som nesten ikkje hadde lesarar. 

Heldigvis for det norske folket var såpe og sko utan hol ein liten pris å betala for Garborg. 

Frå si første bok viste han at målet med bøkene slett ikkje var estetikk. Det var etikk. Då han kalla sin første roman «Ein fritenkjar» visste han det var ein tittel med sprengkraft. Prestane på Stortinget skulle bruka den mot han i fleire tiår. «Bondestudentar» sette fokus på kor latterleg vanskeleg tilveret blei for bondeungar som ville noko anna enn å arbeida på jordet. «Mannfolk» diskuterte ekteskapsinstitusjonen og tirra stortingsrepresentantane så dei sparka han frå stillinga i statsrevisjonen. «Kolbotnbrev» fortalte historia om kjærastane Arne og Hulda som blei mobba frå hovudstaden for sine moderne meiningar og livsstil. Garborg møtte panikkangst i kjølvatnet av hetsen og sleit med depresjon i over eit tiår. «Trette menn» diskuterte framskrittet og moralske og sosiale teoriar. «Hjå ho mor» fortalte om kor vanskeleg det var å veksa opp som kvinne utan rettar. Denne boka, lite lesen i dag, blei hans store internasjonale gjennombrot. Garborg var ein viktig europeisk forfattar i ei tid då forfattarane var både vitskapsfolk og kunstnarar, sjåarar og geni, var berømte og sette dagsorden. Garborg fekk æra for å ha innført naturalismen til Tyskland, og tyske forfattarar reiste til Nord-Østerdalen for å møta den norske meisteren. «Fred» viste kor gale det kunne gå for religiøse fanatikarar, og den psykologiske innsikta låg langt føre forskinga ein kjende til i Noreg. Garborg sine bøker var bindeledd mellom menneska sin natur og jakta på ein betre samfunnsorden. Han blei lesen av stortingspolitikarane, diskutert på partimøta og utskjelt frå open talarstol. Men lite sjokkerte som «Haugtussa». Tenk: lyrisk og ordna frå forfattaren som vanlegvis var ein opprørar og kranglefant, bohem og avantgarde. Men såg ein nærmare etter, var også «Haugtussa» samfunnskritisk og nyskapande. Ho blei kåra til hundreårets norske diktverk og gjorde Veslemøy til eit offisielt jentenamn.

Ja, kvar ei av hans tretti bøker hans var nyskapande på eit vis. I denne samanhengen er det freistande å nemna at han som 26-åring skreiv boka «Den ny-norske Sprog- og Nationalitetsbevægelse». Her fekk me ordet «nynorsk», og han stod fram som landsmålets førar, ein posisjon han skulle ha i nesten femti år. Boka er skarp og morosam, sjølv om talentet for fengande titlar ennå ikkje var utvikla. 

Då han overtok stafettpinnen etter Aasen og Vinje var målet eit hjelpelaust, lite barn. Då han døydde målte det krefter med bokmål.

Garborg grunnla fleire store aviser og skreiv over 2200 avisartiklar. Mange kjende han meir som «bladmann» enn «bokmann». I år etter år hamra han laus på alle med makt. Seriøs eller alvorleg, sakleg eller usakleg, ironisk eller hysterisk morosam. Virtuosen Garborg varierte stilen etter publikum, men grov alltid djupare enn sine motstandarar.

Framfor han i heimen, over skrivebordet der han sat dag og natt, hang eit portrett av Ivar Aasen. I bakhovudet hadde Garborg eit minne frå omgangsskulen: Læraren var sjuk og faren Eivind vikar. Sidan skulen fann stad i hans eige hus, meinte Eivind Garborg at han kunne snakka som han ville. Slik fekk ungane undervising på sin eigen dialekt i staden for dansk. Som vaksen vurderte Garborg faren som den beste læraren han nokon gong hadde. Å, så mykje lettare det var å læra på sitt eige språk!

Saman med ein generasjon kunstnarar og intellektuelle bidrog Garborg til å gjera det norske samfunnet moderne. I kampen for nasjonalt og personleg sjølvstende stod han fram som den flittigaste og skarpaste retorikaren. Han var overalt i år etter år. I bøker, aviser og på foredragsreiser kjempa han for rettferd, likeverd og menneskerettar. Han gav bøndene sjølvtillit og forsvarte dei svake. Det verste han visste var rike som trudde fattige hadde skuld i si eiga naud. Heimen Labråten, der han budde med Hulda, «bunadens mor», blei kalla «Målkroken» og var eit politisk og kulturelt tyngdepunkt både før og etter 1905.

Arne Garborg gjekk frå å vera «Noregs farlegaste» og mest utskjelte mann på 1880-talet til å bli den unge nasjonen sin yndling etter unionsoppløysinga. Kva skjedde? Han var nå ein gammal mann, og den beste skjønnlitteraturen låg bak han. Og kvifor kjem det overraskande på oss i dag at Garborg var så stor mens han levde? Kva skjedde med minnet om han?

Me komprimerer historia for å forenkla formidlinga. Skal me hugsa historiske personar må me putta dei i båsar. I samtida var merkelappen «forfattar» det gjevaste du kunne vera, og Garborg blei først og fremst hugsa og nemnt som det. I dag er det ikkje tittelen like gjev, og me kan koma til å samanlikna forfattarar på tvers av tidsepokar. Det er nesten eit lovbrot.

Garborg er ikkje berre «forfattar» lenger heller. Han er «nynorskforfattar». Slik kan me koma til å tru at han berre betydde noko for ein boklesande minoritet. Og me gir norsklærarane, forfattarane sitt siste kollektive minne, høve til å hoppa bukk over mannen som kanskje mest av alt høyrer heime i historiefaget eller i samfunnskunnskap. Det handla jo om etikk, ikkje estetikk; men så talentfull var Garborg at han likevel skreiv litteratur av verdsformat.

Han var fritenkjar, sosialist, anarkist, kristenliberalar og georgist. Han passar ikkje inn i politiske båsar, han var først og fremst vår største eksistensialist. Garborg var oppteken av mennesket, av kulturen, samfunnet, staten og livssynet. Det sentrale var metoden: Han var aldri redd for å skifta meining. Han vann alle skriftlege diskusjonar, men skifta meining likevel om det gjekk opp for han at han kunne ha tenkt djupare, breiare, meir presist. Som den diktarfilosofen han var, uttrykte han det poetisk:

«Tanken gjev uro, tanken gjev sut; endå må du tenkja dine tankar ut.» 

(Dagbok, 1925) 


«Å, heller vil eg med augo sjå, 
enn dauv og blind gjennom verda gå 
og ikkje det sanne skilja.» 

(Haugtussa, 1895)

Innimellom blei han kalla «den femte store», men han blei også kalla «den største». Både nekrologar og biografiar løfta han opp som ein av dei tre største nordmennene på 1800-talet. Ikkje som forfattar, men som menneske. Dei sa «Wergeland, Bjørnson og Garborg». At alle desse var forfattarar seier mest om medierøynda på den tida: Ville du bety noko måtte du skriva – og du burde  skriva godt. Litteraturen tiltrekte seg dei største tenkarane og mest ambisiøse samfunnsreformatorane.

Ingen av desse hadde formell makt, men dei brukte sine talent til å endra folkets mentalitet.

Så eg trur «Wergeland, Bjørnson og Garborg» må vera rette båsen for Garborg. Sjølv om han måtte bli 175 år før me fann tilbake til den.