«Hadde berre kvassaste jula vore over!»
Tekst: Atle Brandsar, leiar i Tor Jonsson-laget
Desse orda fall i ei samtale mellom Tor Jonsson og Halldis Moren Vesaas ei veke før jul i 1950. Jonsson kvidde seg til jula, trass i at det ikkje stod på invitasjonar frå slekt og vener. Livet åtte store bølgedalar for den 34 år gamle diktaren frå Lom, særskilt det siste året han levde. Orda hans hadde endeleg fått store vingar, og den alltid slunkne pengeboka byrja å fylle seg. Sumaren før denne siste jula mista Tor eitt av dei sterkaste banda han hadde til bygda – om ikkje livet – mora, Torø. Han flytta til Oslo, og det nye livet utan bygdedyr og opplevde sosiale stengsler skulle byrje. Men, som me veit, så endte det nett då det skulle byrje for fullt.
14. januar i år er det 75 år sidan Tor Jonsson gjekk bort, etter å ha teke sitt eige liv i ein periode med depresjon, sterk lukke og sterk ulukke.
Draginga mot dauden
Gripande dødsmotiv og draging mot dauden ligg klårt i dagen i Tor si diktverd. Biograf Ingar Sletten Kolloen får fram at oppveksten hans var prega av mytiske og konkrete sjølvmord i bygda han vaks opp i. Ei rekkje sjølvmord hendte medan Tor var ein framveksting, og dette opptok han. Bygdedyret skulda på kjærleikssorg og livsvonbrot som årsakar til desse tragediane, det same dyret ville ha det til at far hans fekk same endelikt som Tor sjølv seinare fekk.
Utanforskap
Ber ein på tunge hendingar og tankar, er det ei ekstra last å bli ståande utanfor. Utanfor eit fellesskap som kunne gjeve forståing, trøyst og hjelp. Tor både vart og stilte seg tidleg utanfor, i skulegarden og leiken. Inne i klasserommet fann han derimot noko som fengde han, ein stad han kunne utfalde seg. Han vart sett av lærarar og intellektuelle i heimbygda og freista lyfta fram av dei og deira kontaktnett. Tor ville greie seg sjølv, og tok ikkje imot den skulegangen og hjelpa han kunne fått. Utanforskapet kan kjennast både trygt og utrygt å vera i –
Diktar for urolege tider
Diktaren me minnest no 75 år etter vaks opp i ei etterkrigstid, som vart ei mellomkrigstid. Han vart vaksen og publisert forfattar under og etter andre verdskrigen, og tok kraftige oppgjer med haldningar og handlingar under krig, som kunne føre til nye krigar.
Pasifisten Tor Jonsson drog troll ut i sola, hardt og nådelaust. Slik skapte han seg nok ikkje berre vener, særskilt i dei bygdesamfunna han kritiserte hardast. Både i Gudbrands- og Hallingdalen gjekk han som journalist («bladfyk») og skribent rett i strupen til det etablerte, både vedtekne «sanningar» og det han oppfatta som herskande folk. Dette likte han godt. Han kunne gjerne stå utanfor det gode selskap.
I diktinga syner han meir tvisyn enn i avisspaltene. Jonsson slår oss ned og byggjer oss opp med elegante, få liner i diktet «Ordet». Han kastar oss ut i både vonløysa og i vona. Desse to går hand i hand, det er når dei skil lag det blir verkeleg farleg. Tvisynet treng me i dei tidene me lever i no òg. Mykje ikring oss er farleg nære å gå gale, men mykje går trass alt godt òg. I forfattarskapet til Tor finn me både uro og bodskap som kan kveike oss til strid for det medmenneskelege.
ORDET
Kva hjelp det å syngje
som elv i det aude?
Kva hjelp det å kynge
med klokker for daude?
Kva hjelp det å skapa
all venleik i verda,
når Ordet lyt tapa
for svolten og sverda?
Slik undrast og spør vi
i modlause stunder.
Men hugse det bør vi:
Eit ord er eit under.
Dei gløymest dei gjæve,
og alt det dei gjorde.
Men livet er æve.
Og evig er Ordet.
Mogning i mørkret, 1943.
Venskap og framtid
Tor tok sitt eige liv då framtida som forfattar såg mest lysande ut. Tor hadde mange vener, bygdefolket trudde ikkje sine eigne augo da dei såg mengdene av folk som kom frå land og strand rundt på gravferda. Likevel gjekk det som det gjekk. Me vil alltid spørje oss kvifor, sjølv om mykje av hans indre liv kan anast gjennom det han etterlet seg av skrivne ord, samtaler og menneskemøte. Det vil likevel vera berre fragment og ulike versjonar av eit – for oss – fascinerande, skrivande menneske. Ingen sjølvmord er forståelege, heller ikkje Tor Jonsson sitt.
Søk hjelp
Ei oppmoding til deg som kjenner deg for godt att i Tor Jonsson: Søk hjelp, der du har lettast for å finne det. Kommunar har psykisk helsetenestetilbod ein kan kontakte, direkte eller via fastlege. Mental Helse har døgnopen telefon på 116 123, og er det tøft å prate, finst chattenesta sidetmedord.no, for deg som lettare skriv om det som plagar deg. Det viktigaste er at du deler byrda du ber på med nokon, ikkje korleis.