Åmli + nynorsk = Sant
I kommunestyremøtet i Åmli fyrstkomande torsdag, 19. mars, skal kommunestyret handsama ei sak om å skifta administrasjonsspråk i Åmli kommune frå nynorsk til språknøytralt.
Bakgrunnen for forslaget er at enkelte tilsette i kommunen kan synast nynorsk er utfordrande
som arbeidsspråk, og at litt over halvparten av dei tilsette meiner dei ikkje meistrar språket
godt nok. Dei påpeiker òg at dette kan gjera det vanskeleg å rekruttera nye tilsette til
kommunen. Noregs Mållag meiner at Åmli bør halda fram som nynorskkommune, og at
språkvedtaket ikkje er nødvendig.
Nynorsken har djupe røter i Åmli, og var frå 1920-30-talet opplæringsmålet ved skulane i
kommunen. I 2010 vart opplæringsmålet endra til bokmål, sjølv etter at eit klart fleirtal av
innbyggjarane røysta for å halda på nynorsk som undervisningsspråk. Det er framleis mange
kjensler knytte til dette vedtaket. Det har ein viktig symbolverdi at administrasjonsspråket i
Åmli er nynorsk. Å endra frå nynorsk til nøytralt administrasjonsspråk vil av mange verta
oppfatta som eit siste spark mot det fleirtalet som røysta for nynorsk i 2010.
Paragraf 1 i språklova seier at det offentlege har eit særleg ansvar for å fremja nynorsk som
det minst bruka norske skriftspråket, eit ansvar òg Åmli kommune bør ta. Nynorsk er eit
levande kyrkjespråk i kommunen, og stør opp om kor viktig språket er og har vore gjennom
eit hundreår.
Tilbakemeldinga om at fleire tilsette i kommunen meiner at dei ikkje meistrar nynorsk bør
fyrst og fremst føra til at det vert laga kurs i nynorskskriving. Nynorskkommunane (LNK)
har eigne nynorskkurs for sakshandsamarar i kommunane, og desse får svært gode
tilbakemeldingar. Det er heller ingenting i vegen for at tilsette og folkevalde kan nytta
bokmål i intern kommunikasjon, sjølv om det er ein nynorskkommune.
I argumentasjonen frå Raudt er det sagt at nøytralitet gjev valfridom. Diverre syner
saksframlegget frå kommunedirektøren at det ikkje vert lagt opp til spesielt mykje valfridom i
kommunen. Tvert om vert det slege fast at kommunikasjon ut imot innbyggjarane via
nettsidene skal vera på bokmål. Når ein pålegg dei tilsette å skriva all denne informasjonen på
bokmål, må me stilla spørsmål ved kor språkleg nøytral kommunen planlegg å vera.
Erfaringa frå mange språknøytrale kommunar fortel oss at mange tilsette som gjerne kunne
ha skrive nynorsk, lèt vere fordi dei ynskjer å ikkje skilja seg ut frå fleirtalet. Dette saman
med nettsida på bokmål fører til meir bokmålsbruk.
Innbyggjarane i Åmli har ikkje uttalt folkekrav om ei språkleg endring i kommunen, og det er
difor ikkje tenleg å fatta eit vedtak omkring språket. Det finst gode tiltak Åmli kan gjera for
framleis å fungera som ein nynorskkommune med bokmål i grunnskulen. Her er Noregs
Mållag på tilbodssida dersom kommunen ynskjer det.
Til slutt vil me nemna at å halda fram som nynorskkommune ikkje er å tvihalda på noko. Det
er å ta vare på og forvalta ein immateriell kulturarv som er både verdifull og viktig. Det har
aldri vorte gjeve ut meir nynorsk litteratur, aldri vore fleire kommunar med nynorsk
vaksenopplæring og heller aldri vore meir nynorsk tekst i samfunnet enn i dag. At mengda
bokmål veks meir enn nynorsk, er ikkje eit teikn på at nynorsken døyr ut, men eit resultat av
demografi, folkevekst og flyttemønster.
Det finst gode grunnar til at Åmli bør halda fram som nynorskkommune. Skulle Åmli landa
på å vedta språknøytralitet, vil me be om at alle føringane om kvar det skal skrivast bokmål,
vert strokne frå vedtaket, og at kommunestyret handsamar språkpolitikken og -vekslinga på
ein grundigare måte.
Alle i Noreg møter rikeleg med bokmål, dei fleste møter for lite nynorsk.