aktuelt

Kyrkjemållaget er skipa!

Onsdag 8. april vart Kyrkjemållaget skipa som eit heilt nytt lag i Noregs Mållag. I spissen for det nyskipa laget er nyvald leiar Per Kristian Sætre, som er sokneprest i Volda.

Kyrkjemållaget er eit yrkesmållag for alle dei som har sitt virke innanfor Den norske kyrkja og andre kyrkjesamfunn i Noreg.  

– Eg trur Kyrkjemållaget kan spele ei viktig rolle for nynorsken ved å ta vare på og gjere kjend den arven vi har, og for å få fleire nye tekstar, songar, salmar og utgjevingar på nynorsk, seier Per Kristian Sætre. Han er ein av initiativtakarane til å få starta opp eit yrkesmållag.

– I kyrkja i dag er det stor språkleg toleranse og prinsipiell jamstilling mellom nynorsk og bokmål. Som lag ynskjer vi å støtte opp om arbeidet med å lage nye og gode tekstar på nynorsk. Digitale ressursar er like viktige innanfor kyrkja som i andre deler av samfunnet, og det er viktig å seie ifrå, minne på og passe på at desse også kjem på nynorsk.

Laget er heilt nyskipa. Skipingsmøtet vart halde på Høgskulen i Volda, i tillegg til at fleire deltok digitalt. Allereie før dette møtet var det kome til 41 medlemer i laget. Desse kjem frå heile landet og frå mange ulike yrkesgrupper innanfor kyrkja.
– Eg vonar det er mange som vil bli medlem i det nye Kyrkjemållaget, smiler Per Kristian Sætre. 

Det vart valt eit styre på fem personar. Styremedlemene er Anders Emil Kaldhol, seniorrådgjevar innanfor kommunikasjon i Kyrkjerådet, Anne Marit Riste, prostiprest i Molde, Roar Moen, sokneprest i Arna og Marie Austrheim Riise, kantor i Ørsta, i tillegg til styreleiar Per Kristian Sætre.

Kyrkjehistorikar og professor Per Halse ved Høgskulen i Volda heldt opningsføredraget om historia om nynorsk som kyrkjespråk. Han skildra mellom anna kor viktige dei nynorske salmane har vore for innføringa av nynorsk som kyrkjespråk. Halse tok like gjerne til orde for at alle kyrkjer i Noreg bør ha minst ein nynorsksalme i kvar gudsteneste.

Historisk var Prestemållaget eit viktig mållag for nynorsken innanfor kyrkja, men der vart aktiviteten lagt ned i løpet av 80-talet. Det var også eit forsøk med å få til eit Teologisk Mållag på 90-talet, men det er fyrst no ein har fått til skiping av eit aktivt Kyrkjemållag.

Vil du bli med i kyrkjemållaget? Meld deg inn via denne lenkja, og skriv «Kyrkjemållaget» i meldingsfeltet!