Ungdomens tale
Sebastian Vinsent Natvik, leiar i Norsk Målungdom, heldt ungdomens tale for landsmøtet i Noregs Mållag.
Vyrde landsmøte og gode Noregs Mållag!
For 10 år sidan skulle eg byrja på ungdomsskulen som på papiret, nynorskbrukar. I tida før visste eg eigentleg nesten ingenting om skilnaden mellom nynorsk og bokmål, berre at me i A-klassen hadde nynorsk, og B-klassen hadde bokmål. Eg hadde eigentleg aldri vore så glad i norskfaget, verken på grunnskulen og ikkje så valdsomt mykje meir på vidaregåande sjølv om eg då melde meg inn i Norsk Målungdom.
Mor mi er frå Filippinane, ho har lært seg mykje norsk, men eg er vaksen opp med berre engelsk i heimen. Videospel eller “gaming” som alle kallar det, har vore ein stor hobby – og på ungdomsskulen vil eg nok seia at nesten alle venane mine kom frå andre plassar i Noreg og frå utlandet. Fleire av dei har eg aldri møtt i røynda, men eg kan framleis seia at dei har vore utruleg viktige for meg.
Det språklege inputtet som eg og dagens ungdom får, kjem frå alle kantar i heile verda. Mykje av dette gjorde at eg hadde lite lokal tilhøyrsle, og som me veit er det lite nynorsk å finna på den kanten av internett som var spanande for meg. På eitt tidspunkt spurde eg til og med far min om ikkje eg kunne byta hovudmål, for spesielt på fritida var det langt meir naturleg for meg å sjå og skriva eit slags samansurium av bergensk og bokmål.
Eg er glad for den motstanden eg fekk frå far min, og at eg heldt på målet. Det vart meir eller mindre eit aktivt val som eg måtte ta.
Sjølv med utanlandsk opphav trur eg ikkje at historia mi som nynorskbrukar er uvanleg i det heile. Dei fleste ungdomar har den same tilnærminga til språket sitt som eg hadde, og endå fleire endar opp med å byta hovudmålet sitt innan dei er ferdige på vidaregåande. Det er ikkje alle som har ein far som er fast bestemt på at nynorsk er ein fordel.
Det er mange som ikkje tenkjer like mykje på språk som me gjer. Me er til frustrasjon når me rettar på språket deira. Når me ser på unge språkbrukarar, ser me at det går fullt i skrivefeil, dei anglifiserer, og nokon snakkar berre engelsk med kameratane sine. Andre byter hovudmål. Det som går att er at det er lite medvit bak desse vala, medan dei som tek eit medviten val, er dei som held på nynorsken.
Me kan på ingen måte klandra ungdomen for dette. Det finst dei elevane som står i det – melder seg inn i, eller klagar til Norsk Målungdom når dei ikkje får bøkene sine på nynorsk. Men for dei fleste er ikkje dette noko dei VIL… eller tenkjer på. Når bokmål kjem så naturleg for mange, er det fort berre eit kryss på eit ark som fortel at du er nynorskbrukar.
Jobben vår handlar ikkje om å verva alle som ikkje kjenner seg att i hovudmålet sitt, det er ikkje alle som vil skipa lokallag og gå i oppoverbakke mot ein vanskeleg rektor, ordførar, eller stortingsrepresentant.
Så når me ikkje har høve til å verva den store tredjedelen som byter hovudmål, må me ta kampen for dei.
I ein fersk rapport frå NIFU ser me tydeleg at elevar med nynorsk som hovudmål møter språket sitt mindre enn det bokmålselevane gjer. I rapporten var berre 49 av 90 kartlagde læringsressursar tilgjengelege på nynorsk. Skriveprogramma som elevane brukar på skulen kan heller ikkje nynorsk. Opplæringslova seier at då er det skulene som bryt lova, medan dei store aktørene ikkje vil snakka med oss.
Sidemålsundervisinga er sårbar, og når me fremjar gode løysingar for å styrka norskfaget, vert me møtt av ein minister som ymtar om å fjerna vurdering i faget. Som Peder nemna, fekk me snakka utruleg godt for oss på møtet i mars.
Gode landsmøte – me sit ikkje her, rådville om kva me og styresmaktene må gjera for å betra kåra for elevane, og eg har også eit visst håp for møtet me skal ha med kunnskapsministeren på nynorskdagen om to veker. For det er faktisk mykje me får til.
På førre landsmøte i Trondheim, vedtok landsmøtet å auka løyvinga Norsk Målungdom får frå mållaget, og dette har komme utruleg godt med i arbeidet vårt. Me har fått dratt på verveturné og har aldri hatt så mange nyinnmelde medlemar i organisasjonen vår på 9 år. Me har skipa og oppattskipa fleire nye lokallag. Me har nådd ein ny deltakartopp på tilskipingane våre sidan pandemien og skal for første gong på 7 år ha sommarleir med fleire spanande innleiarar både frå inn- og utland.
13 år gamle Sebastian som ville byta hovudmål hadde aldri trudd at han skulle halda ungdomens tale på Noregs Mållag sitt landsmøte. Det var lys i enden av min tunell, då eg fyrst byrja på skule i Bergen som den einaste nynorskeleven og innsåg at eg eigentleg hadde noko verkeleg vakkert å kjempa for.
Til slutt har eg lyst til å ønska alle saman eit godt landsmøte. Det er vårt engasjement og arbeid som skal til for at det skal bli lettare for den neste 13-åringen som ikkje kjenner seg att i hovudmålet sitt.
Takk for meg!