aktuelt

Lars Mamen er tildelt Målblomen

Foto: Kristianne Marøy

På landsmøtet til Noregs Mållag på Gardermoen vart Lars Mamen tildelt Målblomen for sitt mangeårige arbeid med å fremje nynorsk i fagrørsla.

På landsmøtet til Noregs Mållag på Gardermoen vart Lars Mamen tildelt Målblomen for sitt mangeårige arbeid med å fremje nynorsk i fagrørsla.

Målblomen vert delt ut til personar som har gjort ein særleg innsats for dialektane og nynorsken, gjerne på område der nynorsken har trongare kår. Lars Mamen er dagleg leiar i for Fair Play Bygg Oslo og omegn. Han har gjennom mange år har vore ei tydeleg røyst for nynorsken i arbeidsliv og fagmiljø der bokmålet dominerer.

– Nynorsken treng superheltar som tek ein for laget og brøyter veg for språket på område der nynorsken står svakare enn han burde. Lars Mamen bidreg til at fleire nordmenn får sjå og møte nynorsk i sine bokmålsdominerte kvardagar, sa Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag, i utdelingstalen.

I grunngjevinga vert det trekt fram at Mamen konsekvent har halde fast ved nynorsken i arbeidet sitt, sjølv i miljø der mange ville valt bokmål, som til dømes tidlegare i år då Finansavisen nekta å trykkje eit innlegg frå Mamen fordi det var skrive på nynorsk. Mamen nekta då å omsetje teksten til bokmål, og saka skapte stor merksemd og debatt om språkhaldningar i pressa.

– Lars Mamen fortener honnør som ein føregangsmann for nynorsken på felt som har altfor lite av han, og får Målblomen frå Noregs Mållag for konsekvent og standhaftig bruk av og forsvar for nynorsken, heiter det i grunngjevinga.