Målprisen 2026 til Runar Gudnason
Målprisen for 2026 går til Runar Gudnason. Prisen vart delt ut på festmiddagen under landsmøtet til Noregs Mållag laurdag kveld.
– Runar Gudnason frå Side Brok får Målprisen for 2026 for omfattande, elegant og nyskapande leik og bruk av nynorsk i populærkulturen. I fleire tiår har han vore ei av dei mest særmerkte røystene i den norske musikkverda, men også på fleire andre område har han sett spor etter seg, sa Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag.
– Det er ei stor glede å få dele ut prisen til ein mann som har brøytt nye vegar for nynorsken og for dialektane.
Målprisen blir gjeven til folk og institusjonar som har gjort ein ekstra stor innsats for nynorsken. Han er den gjevaste prisen Mållaget deler ut.
– Tusen takk for prisen. Det er godt å tenkje på dei som har teke kampen for nynorsken før meg. Og takk til Noregs Mållag som tek kampen, sa Runar Gudnarson, då han tok imot prisen.
Pristala frå Peder Lofnes Hauge til Runar Gudnason:
«Runar Gudnason får prisen for omfattande, elegant og nyskapande leik og bruk av nynorsk i populærkulturen. I fleire tiår har han vore ei av dei mest særmerkte røystene i den norske musikkverda, men også på fleire andre område har han sett spor etter seg.
Dei fyrste teikna til ålmenta kom med skipinga av hiphop-gruppa Side Brok i 2000, men røtene strekte seg attende både til fedrelandet Island, til Danmark og heim til Hovdebygda. Vegen til rappen gjekk gjennom ei identitetskrise Gudnason råka ut for blant danskane; det vart for mange ‘jeg’, for mange ‘ikke’, og saknet steig etter hjartespråket.
Då Side Brok fekk gjennombrotet sitt i 2004, var det med noko Noreg aldri hadde høyrt før: Det var breial og satirisk hiphop, ja, men staden var heime, og målet var heimsleg. Det var Vestlandet, Sunnmøre og Hovdebygda, det var Ivar Aasen og Olav Stedje, det var råning i Ørsta, det var råning i Volda, og det var ikkje trygt nedpå Esso. I norsk populærmusikk er hiphopen unik som den einaste sjangeren som stort sett berre føregår på norsk, og Side Brok skal ha ein stor del av æra for det.
Men Runar Gudnason har ikkje berre spelt rollene som frontfigur og fleire ulike karakterar i Side Brok-universet. Han har regissert teaterstykke av Jon Fosse og omsett Frost for Det Norske Teatret, han har reist rundt med Den kulturelle skulesekken og drive rap-linje på Møre Folkehøgskule. Og i 2023 kom dokumentaren Eg har ord, der Gudnason – med ordleik, rim og eiga soge som verkemiddel – fór attende i tida for å finne ut kvifor han sjølv vart rappar. Gudnason stod sjølvsagt for manus og regi, og filmen gjekk sin sigersgang over heile landet.
Gudnason har sjølv skrive: «Etter at eg vart eksilrappar, vart det endå kjekkare å kome heim igjen i feriane, heim til språket. Eg vart mint om både nye og gamle ord, ord eg hadde gløymt, og ord eg aldri hadde lært. Det inspirerte meg til å skrive meir, og kjærleiken til mitt eige språk voks og voks.» Etter 23 år i eksil frå Hovdebygda, kom årets målprisvinnar heim i 2014. I bygdemetropolen på Sunnmøre held han fram med å kveikje kjærleiken til målet hjå folk i heile landet.
I haust var Side Brok tilbake med ny plate og utselde konsertar. Elvis og Tupac er daude for lengst, men Runar Gudnason, han lever. Til lukke med Målprisen for 2026!»