aktuelt

Peder Lofnes Hauge er attvald som leiar!

Peder Lofnes Hauge (Foto: Kristianne Marøy)

Landsmøtet valde Peder Lofnes Hauge for to nye år som leiar av Mållaget.

– No siktar vi mot ny medlemsrekord i Mållaget og at Stortinget skal grunnlovfeste nynorsken. Så vil vi få med oss styresmaktene på målet om ein million nynorskbrukarar! Det seier Peder Lofnes Hauge, som fekk attval på to nye år som leiar av Noregs Mållag. Han har seks år bak seg som leiar og er den lengstsitjande leiaren i Mållaget. 

Noregs Mållag har vore samla til landsmøte i helga. Der vedtok organisasjonen eit nytt arbeidsprogram, Vegen mot Noreg 2050, som siktar mot ein offensiv og slagkraftig språkpolitikk.

Han ønskjer seg eit samfunn der det er like lett å vere nynorskbrukar som bokmålsbrukar.

– Vi forventar eit taktskifte frå styresmaktene no. Første steg er å slå fast at vi må bli fleire nynorskbrukarar. Det neste er å følgje opp med tiltak og løyvingar som monnar.

Det nye styret er: Peder Lofnes Hauge, leiar (Bergen) og Live Havro Bjørnstad, nestleiar (Bergen). Styremedlemene Kjetil Aasen (Oslo), Espen Tørset (Orkland), Gunnhild Skjold (Tromsø), Monika Haanes Waagan (Herøy) og Sebastian Vinsent Natvik, leiar i Norsk Målungdom. 1. vara: Karen Mjør (Oslo), 2. vara: Tommy Tverdal (Vennesla), 3. vara: Silje Nathalie Luvåsen (Hamar/Oslo) og 4. vara: Jorunn Simonsen Thingnes (Sogndal).