Nynorskelevane treng ein ny definisjon av læremiddel
Ein utvida og oppdatert læremiddeldefinisjon vil sikra at krav til språk gjeld for mykje meir av det skriftlege innhaldet i skulekvardagen, vedtok landsmøtet i Noregs Mållag.
Opplæringslova forsterkar dei digitale utfordringane for nynorskelevane. Slik kan me ikkje ha det.
For mange nynorskelevar er den digitale skulekvardagen i stor grad dominert av bokmål. Dette går utover kvaliteten på lese- og skriveopplæringa, og bryt med retten til opplæring på eige språk.
Då Stortinget vedtok ny opplæringslov i juni 2023, vart det ikkje lovfesta krav om nynorskutgåve av læringsressursar utvikla til bruk i skulen, slik ei samla målrørsle kravde. I staden ville stortingsfleirtalet undersøkja korleis det står til med nynorske læringsressursar.
I 2025 var rapporten klar, og denne viser tydeleg at nynorskelevane møter altfor mykje bokmål i skulekvardagen sin. Det finst mange færre læringsressursar på nynorsk enn på bokmål, og både elevar og lærarar synest det er vanskeleg å finna fram til innhald på nynorsk.
Overgangen frå språkleg regulerte lærebøker til digitale ressursar har ført til at nynorskelevane får lesa og høyra mindre nynorsk. Likevel er ikkje utviklinga ei naudsynt følgje av digitaliseringa, men ein konsekvens av manglande språkleg regulering av den nye skulekvardagen. Utfordringa er at storparten av appane og programma som vert brukte i skulen, fell utanom kravet om språklege parallellversjonar fordi dei ikkje vert rekna som læremiddel.
Dagens definisjon av læremiddel fangar ikkje opp breidda av ressursar som vert brukte i skulekvardagen. Tilbodet for nynorskelevane er ikkje godt nok, og difor må det stillast språkkrav til fleire av ressursane som vert brukte i skulen.
Landsmøtet i Noregs Mållag meiner at definisjonen av læremiddel i opplæringslova bør vera slik:
«Med læremiddel er her meint alle trykte, ikkje-trykte og digitale element som er utvikla til bruk i opplæringa, som skal brukast i opplæringa, og som dekkjer delar av læreplanen i faget.»
Ein utvida og oppdatert læremiddeldefinisjon vil sikra at krav til språk gjeld for mykje meir av det skriftlege innhaldet i skulekvardagen. Slik kan nynorskelevane få den nynorske skulekvardagen dei treng for å bli trygge nynorskbrukarar i framtida.