litteratur

Overtydande om det naturlege i å velje Duun

Olav Duun vaks opp på Øver-Dún på Jøa i Namdalen, der Olav Duun-stiftinga no forvaltar minnet etter den store diktaren. Foto: Jógvan Helge Gardar

Tekst: Inga Henriette Undheim

I år er det 150 år sidan Olav Duun vart fødd. Denne hendinga går ikkje upåakta hen; kringom i landet blir det halde føredrag og spela teater, arrangert lesesirklar, stemne og konferansar. I tillegg har nokre av landets fremste litteraturforskarar og Duun-spesialistar fått i stand ein antologi: Olav Duun. Menneske og natur. Boka rommar ei innleiing og tolv heilt nye artiklar, som saman femnar breitt og loddar djupt i forfattarskapen. Best tener boka kanskje likevel som invitasjon med inn i Duuns forbløffande rikhaldige og levande univers.

Duun var lenge rekna blant Noregs største forfattarar. Og det med rette: Ut over klassikarar som seksbandverket om Juvikfolke (1918–1923), Medmenneske-trilogien (1929–1933) og pensumfavoritten Menneske og maktene (1938), gav han rundt rekna ut tjue verk – primært romanar, men også forteljingar, bygdeeventyr og -segner. Bøkene krinsar typisk om einskildmenneskets kamp i møte med krefter i så vel seg sjølve som omgjevnadane – det vere seg menneske eller natur. Duun har attpåtil ofte blitt omtala som ein stilistisk meister og språkvirtuos. Likevel er det ei lei kjennsgjerning at han med åra har blitt litt avleggs. Duun blir ikkje lese like mykje, og har heller ikkje lenger ein like sjølvsagt plass i den norske bokheimen som generasjonsfellane Knut Hamsun og Sigrid Undset. Der dei to siste stadig vinn nye lesarar, til dømes gjennom rikskringkasta lesesirklar som Salongen og Leseklubben, har Duun meir dunsta bort. Denne situasjonen blir òg tematisert i Olav Duun. Menneske og natur, der ein av bidragsytarane like godt spør kva det skuldast at Duun står oss fjernare enn han kanskje burde? Dette spørsmålet stiller også eg meg etter å ha lese boka.

Olav Duun. Menneske og natur bygger på innlegg frå Duun-konferansen med same tittel, som vart arrangert ved Nord Universitet i 2023. Boka er kløktig redigert av Grethe Fatima Syéd og Hallvard Kjelen. Dei første seks artiklane, eller kapitla, er tydeleg tematisk ordna; først kjem tre kapittel om stoda mellom menneske og natur i forfattarskapen, etterfølgt av tre kapittel som på ulike vis kretsar kring Duuns aktualitet for skuleelevar og lærarstudentar. Dei siste seks kapitla spring i meir ulike retningar – frå sjanger- og kanondiskusjon, til motiv- og karakterstudiar. Med eit uttala mål om å løfte fram forfattarskapen på nytt, for både gamle og nye lesarar, er det kanskje ikkje så rart at bidraga om natur kjem aller først: I ei tid prega av klimakrise og økokritikk, er Duun sin forfattarskap ei gullgruve. Eller som Syéd og Kjelen skriv innleiingsvis: «For oss [som samfunn] er klimakrisen en katastrofe. Men for Duuns aktualitet er den som sendt fra oven.»

Naturen speler også ei sentral rolle som aktør og kulisse hos Duun. Eller som Duun-veteranen Einar Vannebo, i forlenging av Johan Bojer, sparkar ballet i gang med å fastslå: Duun er den største landskapsmålaren i norsk dikting. I kapittelet underbygger han utsegna med ei fin utforsking av naturen si tyding i Juvikfolke. Det er eit takknemleg første kapittel. Ikkje berre svarar det godt til tittelen på antologien; det gir også ei god innføring (eller oppfrisking) med forholdsvis oppdaterte perspektiv på dette høgdepunktet i forfattarskapen. Referansane undervegs avslører rett nok at det er ei temmeleg tradisjonsbunden lesing vi får servert, sjølv om ein økokritisk inngang òg blir prøvd ut. Det siste peiker fram mot Renate K. Nordnes’ økokritiske nylesing av flaummotivet i Menneske og maktene. Inngangen er likevel ikkje heilt ny; som Nordnes sjølv skriv, vart Menneske og maktene nokså nyleg lese som klimaroman av Maria Olerud i Vinduet (2023). Denne framifrå lesinga tek noko av brodden av Nordnes’ samanliknande studie av flaummotivet i Duuns meisterverk og i Jonny Hallbergs mindre kjente roman Flommen (2000) – ein studie som nok òg hadde tent på ei strammare redigering. Det er i det heile litt merkeleg at ikkje meir kjem ut av dei første artiklane om naturen i Duun sine beste bøker, i og med potensialet ein av redaktørane, Grethe Fatima Syéd, legg til grunn i sin rikhaldige artikkel. Ifølge Syéd er Duun sine naturskildringar viktigare enn nokon gong: «Derfor bør de studeres på nytt. Da kan de komme til å si oss noe, ikkje bare om naturen, men også om hvordan vi bør revurdere noen oppfatninger om oss selv». Eg trur på det Syéd skriv. Motivkrinsen let seg i aller høgste grad kaste ljos og mørke over i ei tid der klimaet går til helvete; Duun gjev plenty av fôr til svoltne økokritiske lesarar. Det er berre synd at første del av boka ikkje riktig speglar potensialet. Det gjer derimot den andre, meir didaktisk orienterte delen av boka.

Finst det ei framtid for Duun i skulen? Etter å ha lese dei tre artiklane til Hallvard Kjelen, Haakon Halberg og Anne Cathrine Haugdahl, og Audhild Norendal, er eg overtydd om at svaret er ja. Her må eg få vere litt personleg. Eg er ingen Duun-forskar. Det har eg heller aldri vore. Eg skal ærleg tilstå at eg syntest Duun var litt tung då eg las Menneske og maktene på grunnfaget. Som lærarutdannar med fridom til å velje pensum for framtidas lærarar, har eg derfor styrt unna Duun. No har eg komme på betre tankar. Ikkje berre har Kjelen og Norendal med sine kapittel om høvesvis Duuns barnelitteratur og temainngangar til Duun sine noveller synt nye sider ved, og inngangar til, forfattarskapen, med klar relevans for skulen. Med kapittelet «I eventyre med lærarstudentane» har Halberg og Haugdahl dessutan gitt meg lyst til å supplere, eller erstatte Hamsun med Duun, og ikkje nok med det: Artikkelen inspirerer òg til nye tverrestetiske måtar å arbeide med litteraturundervisning generelt, og Duun spesielt på, som kanskje til og med kan bidra til å motverke den såkalla lesekrisa. Kapittelet gav meg iallfall styrkt tru på ungdommen – og på Duun.

Dei resterande kapitla, som utgjer godt og vel andre halvdel av boka, er mindre ungdommeleg utforma. Ikkje berre utforskar Aasta Marie Bjorvand Bjørkøy alderdomsmotivet i Juvikfolke; kapitla er også jamt over skrivne av veteranar i faget. Her tek den eine professoren etter den andre føre seg Duun på velkjente, for ikkje også å seie føreseielege måtar; Erik Bjerck Hagen vurderer kvalitet og kanonisering, John Brumo diskuterer novelle og sjangertrekk, Sveinung Nordstoga grublar med eksistensialisme, medan Heming H. Gujord skulemeisterleg spør seg kva Duuns Odin kan lære oss som lesarar. Sagt på denne måten kan det kanskje høyrest ut som eg avskriv bidraga som trøyttande. Det gjer eg ikkje på nokon måte. Kapitla er alle fagleg botnsolide; det er mykje å lære – ikkje berre av Gujord og Odin – men av boka samla sett. Ja, for boka held verkeleg det redaktørane lovar; sjølv om Juvifolke står i ei særstilling (noko som kanskje ikkje er så rart, med tanke på at nett Juvikfolke feira hundre år i 2023), så lukkast dei tolv bidraga verkeleg i å syne fram mykje av breidda og aktualiteten i forfattarskapen.

Ein mangel peiker seg likevel ut, med tanke på forfattarskapen, den valde tittelen, og året konferansen boka bygger på vart halden, nemleg 2023. I 2023 publiserte den norske Sannhets- og forsoningskommisjonen sin rapport som grunnlag for eit oppgjer med fornorskinga av samar og nasjonale minoritetar. Og er det noko Duun sin forfattarskap eignar seg for i studiar av menneske og natur, så er det ei nylesing av Duun si framstilling av samar. Denne sida av forfattarskapen blir så vidt nemnt innleiingsvis i Olav Duun. Menneske og natur, og også streifa mot slutten av Gujords kapittel i siste del av boka. Elles blir motivet berre omtala i forbifarta. Eg hadde gjerne lese meir om dette. I eit sannings- og forsoningsperspektiv anar det meg nemleg at Duuns forfattarskap er som sendt frå ovan – ikkje fordi samar og nasjonale minoritetar blir rosemåla, men fordi dei, som hos Hamsun, er synlege, og slik gir grunnlag for å forstå trongen til forsoning.

På den andre sida gjer manglar som denne det openbert at forfattarskapen toler både meir, breiare og djupare utforsking av framtidige litteraturforskar og Duun-ekspertar.


Inga Henriette Undheim (f. 1983) er førsteamanuensis ved Høgskulen på Vestlandet med nordisk litteratur som hovudområde. Ho forskar mellom anna på tidlegmoderne litteraturhistorie, samisk litteratur og barne- og ungdomslitteratur. Undheim underviser i norsk på grunnskulelærarutdanninga.