aktuelt

Målsiger i Måløy!

Den 15. juni vart det eit klart fleirtal for nynorsk i folkerøystinga for Skram skole i Måløy.

Då den rådgjevande folkerøystinga om opplæringsspråk på Skram skole vart tald opp, vann nynorsken med over to tredjedelar av røystene!

– Vi vonar at kommunestyret i Kinn høyrer på folket når saka skal opp i november. Nynorsk i grunnskulen er viktig for heile lokalsamfunnet, seier Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag.

Totalt var det 2977 røysteføre, og 244 personar røysta. Det vil seie ei valoppslutning på 8,2 %. Resultatet er at 68,4 % røysta for nynorsk,,30, 7 % for bokmål, og 0,8 % røysta blankt.  

Frå hausten 2027 skal elevane frå Raudeberg skule møte på Skram skole, og også denne skulekrinsen deltok i røystinga.

I dag er Raudeberg skule ein nynorskskule, medan Skram skole har vore bokmålsskule i nesten hundre år. Likevel har det vore ei klar overvekt av nynorskelevar ved skulen siste åra. I dette skuleåret har det vore 186 nynorskelevar og 33 bokmålselevar ved skulen.

Von om nynorsk i vaksenopplæringa
– Også vaksenopplæringa i Måløy bør bli på nynorsk, slik ho er i resten av Sogn og Fjordane. Vi vonar at kommunestyret i Kinn ber om at vaksenopplæringa i Måløy skiftar til å gje opplæring på nynorsk til dei vaksne innvandrarane, slik dei allereie gjer i Florø, seier Peder Lofnes Hauge.

Noregs Mållag kjem saman med Norsk Målungdom til Måløy fredag 6. november. Då vonar vi å få til fleire besøk og møte på dagtid med skule, barnehagar, vaksenopplæring og bibliotek, og på kvelden vert det ope arrangement.