musikk

– Det einaste ein kan gjere er å prøve å skrive skikkeleg sjølv

Heimekjær, men aldri nostalgisk. Målmedviten, men aldri moraliserande. Målprisen frå Noregs Mållag for 2026 går til Runar Gudnason.

Intervju: Jógvan Helge GardarBilete: Kristianne Marøy

– Nynorsk var viktig og sjølvsagt, og litteratur var viktig og sjølvsagt. Men Mållaget fylte ikkje så mykje i medvitet mitt, i alle fall i oppveksten – sikkert fordi alt berre vart tatt for gitt. Men så hugsar eg, i 1996: Eg hadde flytta til Danmark og var heime på sommarferie, og så hadde eg sommarjobb i museet. Dette var før det nye Aasen-tunet, så det var steinmuseet frå 1946. Det var eit sånt museum som var ope når folk trong det. Det kom ikkje så veldig mykje folk, så eg kunne ofte berre sitje der og skrive og styre med mitt. Men ein gong kom det ein delegasjon frå Målungdomen, og dei prata eg med og fekk vite at eg ikkje var medlem. Så klarte dei å verve meg, då. Då var eg 24 år. Men då eg fekk fyrste brev frå dei, med medlemsavisa – då melde eg meg rett ut igjen. Dei hadde som parole: «Ut med bokmålet!» Og å kjempe mot bokmålet, det syntest eg var for barnsleg. Men nokre år etterpå melde eg meg inn i Mållaget. Og der har eg vore sidan.

– Korleis vart rappen ein norskspråkleg sjanger?

– Det skjedde gradvis når folk fann ut at det er frykteleg vanskeleg å rappe på engelsk, mykje vanskelegare enn å synge på engelsk. Og: Ein brukar eit mykje meir prosaisk språk i rappen. Der pop- og rocketekstar ofte handlar om kjærleik og liv og død, så handlar raptekstar ofte om noko mykje meir kvardagsnært. Det klart mest brukte ordet i raptekstar er jo «eg», i mitt tilfelle «ej». På den måten er rappen den aller mest personlege uttrykksforma som finst innan populærmusikk. Korleis uttalar ein Hovdebygda på engelsk, då? I Noreg i dag er det jo nesten ingen som rappar på engelsk, og i mine auge er det berre to–tre av dei som får det til. 

– Korleis står det til med den norskspråklege rappen no?

– Aldri vore betre. Eg forstår meg ikkje på folk som klagar over musikk. Det kjem så mykje bra musikk at eg ikkje har sjanse til å fylgje med. Det skal vere ekstremt bra før du høyrer ei plate fleire gongar. Rap har blitt så stort at det finst innslag av rap i alle mulege sjangrar. Og innanfor norsk rap finst det ein haug med undersjangrar. Du har både ein eldre garde, slike som meg, som framleis lagar musikk. Og så har du unge folk som lagar gammaldags hip-hop, du har trap-folka, du har gaterap, du har pop-rap, du har russemusikk-rap. Det er ikkje alt eg synest er bra, sjølvsagt, men det finst veldig mykje bra. Slik er det i Danmark òg. Aldri vore større, aldri vore betre.

– Var det viktig for deg å reise ut frå Noreg?

– Det er alltid ein god idé å reise ut og vere interessert i andre folk og i andre språk. Og det var etter at eg flytta til Danmark at eg for alvor byrja å skrive raptekstar. Men for meg har det aldri vore nokon motsetning mellom å sette pris på bygda mi og røtene mine – og det å bu i heile verda. Det har eg fått spesielt frå morfaren min, som var ekstremt opptatt av Sunnmøre og Nordfjord, og som reiste rundt og måla bilete, snakka med alle. Han var veldig opptatt av forteljekunst og det heilt lokale, men det var også han som lærte oss om dei franske impresjonistane. 

– Kva tenkjer du om utviklinga for dialektene og det norske språket?

– Altså, eg kan i varierande grad vere bekymra på nynorskens vegner. Det er ein hard kamp, og det er bekymringsverdig om ein byrjar å slite på skular i kjerneområda, men hovudet mitt er ikkje i krisemodus, i alle fall. Dette med at dialektene endrar seg, det er eg ikkje bekymra for i det heile. Der er eg ekstremt pragmatisk. Det er å slåst mot vindmøller, altså – det er heilt fullstendig nyttelaust. No snakkar jo eg dialekta mi frå Hovdebygda. Eg har ein gut på ti år som veks opp i same bygda og går på same skule som eg, og det er kjempeinteressant å høyre kor annleis dialekta er. Altså, det er stor forskjell. Eg er lei av sånne folk som hakkar på at ein ikkje snakkar breitt nok. Folk skal få lov til å skrive som dei vil og prate som dei vil. Sjølv om eg aldri kunne finne på å skrive bokmål, så er det mitt val. Eg går jo og irriterer meg, altså. Men det einaste ein kan gjere er å prøve å skrive skikkeleg sjølv. For meg er det verdt å kjempe for å bevare språket bra og skikkeleg, og eg er nesten nevrotisk på det, eg: Den mest brukte appen på telefonen min er ordboka.

– Er det ei sak du er spesielt opptatt av at målrørsla skal jobbe med?

– Ein viktig arena er, og dette har eg tenkt på i årevis: Kvifor er det ikkje nokon som gjer noko med teksting på strøymetenester? Kvifor kan dei ikkje ha nynorsk på Netflix, til dømes? Eg meiner at det burde vere ei enkel sak å løyse, og at me sjølvsagt må betale for det sjølve. Altså, Netflix er jo ikkje interesserte, det er berre ei utgift. Men det hadde kosta lite, og her kan du kanskje bruke KI til noko fornuftig. Ein ting er jo at me vaksne, som viss me kunne velje nynorsk teksting på HBO og Netflix, så gjorde me sjølvsagt det. Men det er jo ikkje fare for at me blir bokmålsbrukarar. Det er spesielt med tanke på ungane, som vert bombarderte med bokmål heile tida. Det burde vore gjort for mange år sidan. Eg trur det hadde hjelpt mykje.

– Kvifor er du medlem i Mållaget?

– Eg er medlem fordi det faktisk er nokon som treng å gjere den politiske jobben. Det å kjempe for det språket me har. Eg er ikkje medlem av noko trussamfunn eller noko – eg er berre medlem to plassar: Amnesty og Noregs Mållag. Amnesty fordi dei kjempar for at folk skal få ytre seg som dei vil. Og Noregs Mållag fordi dei kjempar for at eg kan gjere det på mitt språk.

Grunngjeving frå styret i Noregs Mållag:

Runar Gudnason frå Side Brok får Målprisen for 2026 for omfattande, elegant og nyskapande leik og bruk av nynorsk i populærkulturen. I fleire tiår har han vore ei av dei mest særeigne røystene i den norske musikkverda, men også på fleire andre område har han sett spor etter seg.

Målprisen blir gjeven til folk og institusjonar som har gjort ein ekstra stor innsats for nynorsken. Han er den høgste prisutmerkinga Mållaget deler ut, og har gjennom åra gått til ei lang rekkje heidersfolk i og utanfor målrørsla. Difor er det ei stor glede å få dele ut Målprisen for 2026 til ein mann som har brøytt nye vegar for nynorsken og for dialektane. 

Runar Gudnason får prisen for omfattande, elegant og nyskapande leik og bruk av nynorsk i populærkulturen. I fleire tiår har han vore ei av dei mest særeigne røystene i den norske musikkverda, men også på fleire andre område har han sett spor etter seg.

Dei fyrste teikna til ålmenta kom med skipinga av hiphop-gruppa Side Brok i 2000, men røtene strekte seg attende både til fedrelandet Island, til Danmark og heim til Hovdebygda. Vegen til rappen gjekk gjennom ei identitetskrise Gudnason råka ut for blant danskane; det vart for mange «jeg», for mange «ikke», og saknet steig etter hjartespråket.

Då Side Brok fekk gjennombrotet sitt i 2004, var det med noko Noreg aldri hadde høyrt før: Det var breial og satirisk hiphop, ja, men staden var heime, og målet var heimsleg. Det var Vestlandet, Sunnmøre og Hovdebygda, det var Ivar Aasen og Olav Stedje, det var råning i Ørsta, det var råning i Volda, og det var ikkje trygt nedpå Esso. I norsk populærmusikk er hiphopen unik som den einaste sjangeren som mest berre føregår på norsk, og Side Brok skal ha ein del av æra for det.

MÅLMEDIVTEN: Runar Gudnason tok imot Målprisen 2026 frå leiar Peder Lofnes Hauge under landsmøtemiddagen på Gardermoen, til stor jubel frå salen.
MÅLMEDIVTEN: Runar Gudnason tok imot Målprisen 2026 frå leiar Peder Lofnes Hauge under landsmøtemiddagen på Gardermoen, til stor jubel frå salen.

Men Runar Gudnason har ikkje berre spelt rollene som frontfigur og fleire ulike karakterar i Side Brok-universet. Han har regissert teaterstykke av Jon Fosse og omsett Frost for Det Norske Teatret, han har reist rundt med Den kulturelle skulesekken og drive rap-linje på Møre Folkehøgskule. Og i 2023 kom dokumentaren Eg har ord, der Gudnason – med ordleik, rim og eiga soge som verkemiddel – fór attende i tida for å finne ut kvifor han sjølv vart rappar. Gudnason stod sjølvsagt for manus og regi, og filmen gjekk sin sigersgang over heile landet.

Gudnason har sjølv skrive: «Etter at eg vart eksilrappar, vart det endå kjekkare å kome heim igjen i feriane, heim til språket. Eg vart mint om både nye og gamle ord, ord eg hadde gløymt, og ord eg aldri hadde lært. Det inspirerte meg til å skrive meir, og kjærleiken til mitt eige språk voks og voks.» Etter 23 år i eksil frå Hovdebygda, kom årets målprisvinnar heim i 2014. I bygdemetropolen på Sunnmøre held han fram med å kveikje kjærleiken til målet hjå folk i heile landet.

I haust var Side Brok tilbake med ny plate og utselde konsertar. Elvis og Tupac er daude for lengst, men Runar Gudnason, han lever. Til lukke med Målprisen for 2026!