aktuelt

Språkpolitisk verkstad

Nynorsk forum inviterer til språkpolitisk verkstad i dag klokka 16.30 på Arendalsveka. Du kan få det med deg digitalt!

I 2014 vedtok Stortinget Grunnlova på nynorsk. No skal Stortinget snart røysta over eit nytt grunnlovsforslag: Å få jamstillinga av nynorsk og bokmål inn i Grunnlova.

Dette blir hovudspørsmålet i den politiske verkstaden. Dei som skal kaste lys over saka og diskutere den for oss er Ove Trellevik (H), medlem i Kontroll- og konstitusjonskomiteen på Stortinget, Åse Kristin Ask Bakke (Ap), medlem i Utdanning- og forskningskomiteen på Stortinget og leiar i Løvebakken Mållag, Kristin Ljosland (Sp), leiar i Agder Senterparti og gruppeleiar for Sp på fylkestinget på Agder og Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag.

Olav Øyehaug Opsvik, direktør i Nynorsk kultursentrum, er ordstyrar.

Dato: Tysdag 11. august, klokka 16:30 – 17:30
Stad: Kulturkammeret, Kraftverket Scene, Nedre Tyholmsvei 6

Sjå sending frå arrangementet: https://vimeo.com/event/6096265/9519b3d900?fl=so&fe=fs

Framlegg til ny paragraf i Grunnlova
I førre stortingsperiode leverte representantar frå nærast alle parti, eit framlegg til Stortinget om å grunnlovfesta det norske språket. 

Sveinung Rotevatn frå Venstre, saman med Åse Kristin Ask Bakke frå Ap, Liv Kari Eskeland frå Høgre, Sigbjørn Gjelsvik frå Sp, Ingrid Fiskaa frå SV, Sofie Marhaug frå Raudt, Lan Marie Berg frå MDG og Kjell Ingolf Ropstad frå KrF, stod bak dette.

Desse representantane føreslo å skriva inn ein heilt ny paragraf i Grunnlova: «Norsk er det nasjonale hovudspråket i Noreg. Bokmål og nynorsk er jamstilte og likeverdige norske skriftspråk.»

Framlegget deira skal til handsaming i Stortinget denne perioden. For å få godkjent endringar i Grunnlova, må ein ha to tredjedels fleirtal i salen.