aktuelt

Samling for unge vaksne

Mållaget inviterer til den populære samlinga for unge vaksne laurdag 19. september og søndag 20. september i Oslo.

Medlemer i Noregs Mållag mellom 25 år til 40 år er hjarteleg velkomne. 

Program!

Laurdag 19. september
Møteleiarar for helga: Gunnhild Skjold, styremedlem 

11.30 Lunsj 

12.30 Velkomen til felles samling for unge vaksne
ved Live Havro Bjørnstad, nestleiar i Noregs Mållag
Presentasjonsrunde. 

12.45 Kva er den språkpolitiske situasjonen?
ved Karen Mjør, 1. varamedlem i styret

13.30 Kva betyr nynorsken for deg og kva kan du gjere for målsaka i Stortinget? 
Stig Even Lillestøl, stortingsrepresentant (FrP), Siren Jensen, stortingsrepresentant (MDG) og Synnøve Marie Sætre, politisk rådgjevar i Noregs Mållag (det kan kome fleire deltakarar) 

14.30 Pause med bakst 

15.00 Ny felles rammeplan for lærarutdanningane. Kva slags potensiale gjev det nynorskopplæring?
Nynorskmodulen: eit forsøk på løyse nokre floker.
ved Eline Bjørke, universitetslektor i nordisk språk ved Universitetet i Innlandet og leiar i Noregs Lærarmållag
Spørsmål og ordskifte 

16.00 Pause 

16.15 Om å vere ung og fersk i Mållaget. Slik driv vi lokallagsarbeid.
Tre oppspel frå ulike deltakarar og runde i møterommet

17.15 Vi bryt opp og gjer oss klare for nynorsk byvandring!

18:30 Vi vitjar Nynorsk bokhandel der bokhandlar Kjartan Helleve tek imot oss. Det vert også innslag
ved Arne Henning Årskaug, forfattar og bibliotekar. 

20.30 Middag på skrivarstova

Sundag 20. september:  

10.00 Kva var det eg lærte i målrørsla som var verdifullt å ta med i arbeidslivet? Kva er Nynorsk scenespråksenter i Førde og kva kan senteret gjere for nynorsk i teater-Noreg?
ved Synne Solberg, avdelingsleiar hjå Nynorsk scenespråksenter og Frida Pernille Mikkelsen, redaktør i Norsk Barneblad
Spørsmål og kommentarar 

11.00 Pause

11.15 Korleis lage ein nynorsk barndom (for alle)? Og kva for slags rolle kan Norsk Barneblad spele? 
ved Frida Pernille Mikkelsen, redaktør i Norsk Barneblad  

12.00 Kvifor Noregs Mållag? Korleis lukkast med organisasjonsarbeidet vårt?
ved Live Havro Bjørnstad, nestleiar i Noregs Mållag
Kommentarar og ordskifte 

12.45 Pause 

12.45 Internasjonalt punkt: Språkaktivisme i Europa!
ved James Konrad Puchowski,
Spørsmål og kommentarar 

13.30 Evaluering. Takk for no og lønsj!

Det blir felles middag og kveldssete på skrivarstova. Målet er å få unge vaksne tillitsvalde til å møtast, bli kjent med kvarandre og bli aktive i Mållaget.

Seminaret er på skrivarstova i Dronningens gate 22 i Oslo laurdag 19. september frå klokka 12.30 til søndag 20. september klokka 14. Overnatting er ikkje langt frå Dronningens gate.

Deltakaravgift er 1000 kroner.
Den summen betalar du eller laget ditt. (Noregs Mållag dekkjer overnatting, reise over 300 kroner og mat). Send påmelding innan 10. september!