aktuelt

Ny nynorsk film på kino

Den 18. september har den kritikarroste filmen Kjærast Noregspremiere. Jon Fosse har skrive manus og regissør Erik Poppe har tilrettelagt manuset for film.

Dette er ein film med nynorsk teksting, og han har allereie fått solid mottaking. NRK skriv mellom anna at Erik Poppe har laga ein sår og vakker film som omfamnar stilen til Jon Fosse, slik han fortener det.

Noregspremieren er 18. september, men før den tid vert filmen sett opp på fleire kinoar over heile landet. På nokre av desse visningane vil regissør Erik Poppe og skodespelarane Kristi-Helene Giæver Engeberg og Leo Magnus de la Nuez vere med på framsyningane.

Oversyn over visningar fram imot Noregspremieren 18. september:

Drammen kino
Visningar kvar dag heile veka
02. sept.18.00
Lillehammer03. sept.17.00
Hamar03.sept.19.30
Odeon Oslo04. sept.13.00
Odeon Oslo04. sept.18.30
Spesialvisning med fest på Strandebarm ungdomshus06. sept.18.00
Stad – Selje (lukka visning)08. sept.19.00
Fosnavåg09. sept.18.00
Ulsteinvik – Sjøborg kino09. sept.18.00
Ørsta kino10. sept.13.00
Odeon Ålesund10. sept.17.30
Trondheim14. sept.18.00
Bergen kino15. sept.12.00
Bergen kino
Visningar kvar dag heile veka
15. sept.17.00
Gimle Oslo16. sept.17.30
Strandebarm ungdomshus18. sept. 
Odeon Sandvika19. sept.18.30
Larvik – Bølgen20. sept.15.00

Dette er ein sjeldan god sjanse for lokallag og andre til å ta kontakt med den lokale kinoen. Kanskje det lokale mållaget kan stille med kaffi og vaflar før filmen, og kanskje de kjenner nokon lokalt som kan introdusere Jon Fosse, forfattarskapen og filmen. For at filmen skal bli godt besøkt, er det ekstra viktig å få høgt besøkstal dei fyrste vekene.