Kringom det store altar
Etter Sapfo er eit laussleppt bevis på kva skjønnlitteraturen kan få til når han kvittar seg med konvensjonane.
Selby Wynn Schwartz:
Etter Sapfo
Samlaget, Oslo
2026
Omsett frå engelsk av Oda Malmin
Etter Sapfo, den greske lyrikaren frå Mytilene på Lesvos (ca. 610–570 f.Kr.), har me berre fragment att av ei rikhaldig diktarisk verksemd. Likevel har få ord i litteraturhistoria vore utsette for så intenst fortolkingsarbeid som hennar, og få liv for så mange spekulasjonar. Nettopp den innstillinga er det Selby Wynn Schwartz har henta fram når ho har gjeve form til Etter Sapfo, ein roman som baserer seg på liv me veit langt meir om, men som den spørjande og fragmentariske stilen likevel kan tilføre så mykje nytt.
Schwartz har doktorgrad i komparativ fransk og italiensk litteratur, noko som verkeleg gjev utteljing her. Romanen krinsar rundt liva til ei lang rekkje kvinnelege kunstnarar og forfattarar i tiåra rundt århundreskiftet, dei fleste av dei med koplingar til Frankrike og Italia. Nokre av dei mest markante skikkelsane er poeten og kvinnesakskvinna Lina Poletti, målaren Romaine Brooks og den feministiske pionéren og forfattaren Sibilla Aleramo. Men boka finn også plass til større og mindre utsnitt av liva og skriftene til Natalie Barney, Virginia Woolf, Gertrude Stein, Eleonora Duse, Ida Rubinstein, Radclyffe Hall, Vita Sackwille-West, Sarah Bernhardt og Eileen Gray, for å nemne nokre. Forteljingane deira er alle kopla saman, stundom fysisk og kausalt, men vel så ofte heller tematisk eller assosiativt. Dei er vener og fiendar, dei elskar og hatar, og dei finn saman i stadig skiftande samband. Ein stad ser det slik ut: «Opphaldet til Élisabeth de Gramont i villaen Trait d’union var vedunderleg, som alt anna hertuginna føretok seg. Ho underheldt frøken Barney, ho roa ned Romaine; alle drog til havet for å bade saman, og etterpå kom Colette på middag frå St. Tropez.» Frydefullt, lett og uhøgtideleg, alltid med ein personleg nærleik som er vanskeleg å skapa med oppdikta karakterar, men endå meir komplisert å få til med verkelege personar.
Heile vegen fungerer Sapfos fragment som ein raud tråd, nokre gonger som referansar, andre gonger som formmessig inspirasjon til lengre stykke. I tillegg speler mange andre figurar frå den greske og romerske antikken mindre roller. Synsvinkelen er eit mystisk, vagt «vi» som kamuflerer seg blant kvinnene: «Vi kom til ukjente byar, i hamnene på øyer nede i sør, til huset til alle som kunne likne ei søster. Vi skaka og fridde oss frå namnet vårt.» Denne forteljarstemma er alltid på deira lag, og styrker kjensla av at persongalleriet utgjer meir enn ein lagnadsfellesskap, kanskje til og med ei konkret politisk rørsle, sjølv om mange av dei politiske framstøyta er mislykka eller kortlevde. For meg minner det om forteljarstilen i Alice B. Toklas’ sjølvbiografi av Gertrude Stein, som kom i omsetjing av Brit Bildøen på Skald for nokre år sidan, der førstepersonsforteljaren står midt i narrativet, men samstundes trekker seg attende for å ramme inn dei sentrale hendingane. Det er eit svært smart grep også i ein roman som Etter Sapfo, sidan det omgår faren for at alt kjeldematerialet gjer forteljinga for tørr, slik det fort kunne blitt med ein meir daglegdags tredjepersonsforteljar.
For det kan ikkje vera tvil om at det ligg grundig fundamenteringsarbeid under denne teksten: Den heile 19 sider lange bibliografiske noten seier sitt. Og det er sant at ein kan lære mykje her, både om kanoniserte forfattarar som Colette og Virginia Woolf, og om alle dei andre som ikkje er kjende namn. Men Schwartz er altfor dyktig til at det biografiske stoffet er den sterkaste sida ved denne romanen. Den fleksible stilen lèt henne observere rollefigurane på avstand, men så straks ta dei i handa og studere dei på imponerande nært hald. Ho glir saumlaust mellom det reint faktiske, det me veit er sant, og detaljar ingen biograf kunne hatt tilgang til; det me berre kan ana. Slik får ho fram bilete som dette: «Kva meir kunne ein skrive om kroppen, sa Sibilla til Lina den vinteren, enn det som allereie var brent inn i ansiktet til mødrene på Agro Romano? I ein alder av tjuefem var dei tannlause, dei kunne ikkje lese, dei budde i stinkande hytter og var desperate etter mat. Dei ville aldri få sjå steintrappene til Kapitolhøgda, og iallfall ikkje få drøfte spørsmåla som blei stilt på den nasjonale kvinnekongressen. Sibilla skalv av medynk med det ubegripelege livet deira, dei uklare gustne og svoltne ansikta. Så reiste ho seg for å skifte til middag.»
I lag med Sapfo sjølv er det poet og klassisist Anne Carson som er leiestjerna for krinsen til Schwartz. Det er hennar omsetjing av Sapfo som ligg til grunn for boka (på norsk silt gjennom gjendiktinga til Per Esben Myren-Svelstad), og det er ho som får servere epigrafen som opnar boka og oppsummerer spenninga som ligg under teksten, og som peiker på det sentrale temaet Schwartz skildrar. Sitatet kjem frå Albertine-økt, poesisamlinga som destillerer Proust-figuren Albertine, velkjend for sin flytande seksualitet.
I den altfor korte debatten som oppstod etter at Etter Sapfo kom på norsk før sumaren, låg hovudfokuset på innpakkinga frå forlaget: Samlaget underspelte det lesbiske aspektet ved boka, meinte forfattar og redaktør Siri Lindstad. Dét i seg sjølv kan vera ein fruktbar debatt, men i ei kortpusta litterær samtale tok det likevel mykje av merksemda frå det som ligg her mellom permane.
For om ein opnar boka, kan det ikkje vera tvil om at Etter Sapfo er ei bok om det lesbiske. Men det er ikkje ein forkynnande roman, og det ville vore reduktivt å kalle han ein politisk roman. I staden er Etter Sapfo fyrst og fremst ei bok som nærmar seg kva romanen kan gjera på sitt beste. Ho kastar eit liv med lesing, kunnskap og idéar opp i lufta, og finn ein ny samanheng i kaoset som ligg att på bakken. Ho riv seg laus frå dei fleste konvensjonar, og ho finn seg raskt til rette i ei ny form, ei som sit som støypt. Visst handlar boka om det lesbiske, men ikkje berre om det; nett slik lesbiske kvinner aldri er berre dét. I tillegg handlar ho om alt det andre som skapar eit menneske under visse omstende, og om kva normer som må brytast for å finne fram til den ein er. Det er ikkje tilfeldig at kvinnene Schwartz skildrar, finn seg best til rette som kunstnarar og forfattarar – grupper som alltid må stille seg utanfor, i opposisjon til alt som ligg fast.