Eit plutseleg innsyn
Åsmund Bjørnstad si omsetjing av hovudverka til T.S. Eliot framkallar lysande landskap.
T.S. Eliot:
Det misfarne landet / Fire kvartettar
Gjendikta av Åsmund Bjørnstad
Efrem, Follese
2026
Ein kjenner frå første stund at Åsmund Bjørnstad si nye omsetjing av T.S. Eliots Det misfarne landet ogFire kvartettar er eit kjærleiksarbeid. Det må det nesten vere òg, for Eliot sine storverk er blant dei mest komplekse og krevjande engelskspråklege dikta som er skrivne i nyare tid. Å presentere begge to i nynorsk drakt krev soleis lidenskap. Og slik kjærleik treng vi meir enn nokon gong. I ei tid då det norske språket stadig vert fordumma og forflata, gjev ei slik omsetjing håp. Her møtest språkleg nyskaping og kreativitet. Det nyttar ikkje berre å forsvare og bevare språket, ein må alltid streve mot nye høgder, mot nyvinningar i språkdjupet om ein skal nå Eliot. Denne omsetjinga uttrykkjer nettopp ein ambisjon om å fornye nynorsken.
Det er fyrste gongen desse to verka er omsette til nynorsk. Berre dét er ikkje dårleg. Det er aldri lett å omsetje store diktarar, ettersom røysta deira ligg så tett på hjartet av språket det høyrer til, men Bjørnstad lukkast godt. Målet kan sjølvsagt ikkje vere å gjenskape den opphavlege musikken i Eliots engelsk, men å skape ein ny musikk ut frå det klanglege og rytmiske registeret i vårt eige språk, som likevel kling med Eliot. Opninga av del II i «Burnt Norton», den første av dei fire kvartettane, er eit godt døme på ei slik vellykka klangleg gjenskaping:
Kvitlauk og safirar tyngar
akslingstreet i gjørma jord.
Strengen som i blodet gyngar
kling innunder inngrodde arr
og døyver gløymde krigars sår.
Dansen i vårt blodomløp,
i lymfers lyskrans, cellars liv,
er teikna inn i stjerners driv
Og stig til sommar i kvart tre
Vi svevar over svevande tre
I lys på sinnrikt teikna blad
og nedi skogens skume grunn
spring villsvin og ein svinehund
sitt gamle mønsters ville jag
forsona under stjerners kor.
Med ein ny språkleg musikk og rytme framkallar Bjørnstad Eliots lysande landskap og figurar. Han maktar ikkje heilt å gjenskape Eliots jambiske tetrameter, med dei fire taktslaga og vekslinga mellom trokéar og jambar, men rytmen er likevel tett på originalen samstundes som han flyt med sin eigen naturlege puls, og med kraft i eigne lysande ord: «lyskrans», «sinnrikt teikna blad», «skogens skume grunn». Bileta språket kallar fram ligg nære den engelske originalen, men for meg var det likevel som å oppdage eit nytt landskap. Det er ei herleg kjensle å oppleve Four Quartets på nytt og gå inn i Eliots verd att, men no gjort nærare mi eiga verd og horisont.
Mistar ein noko i denne omsetjinga? Ja, visse tolkingsmoglegheiter går tapt; til dømes når Bjørnstad omset «Human kind / Cannot bear very much reality» til «Menneskas slekt / toler ikkje særleg mykje verkeleg». «Reality» kan rett nok tolkast som noko som berre er «verkeleg» i adjektivisk forstand, noko verkeleg framfor noko uverkeleg. Men for lesarar av Eliot kan «reality» også lesast som substantiv òg kan bety «being», det djupare mysteriet ved tilværet, noko som ligg tett på det guddommelege, altså ikkje berre ein ting som finst, men røyndomen sjølv, som vi berre toler eit glimt av. Ved å bruke «verkeleg» skyvast ei slik tolking lenger unna. Valet til Bjørnstad er likevel fullt ut forsvarleg; kvar omsetjing må ta slike avgjerder, og må først og fremst ta omsyn til språket det blir omsett til. Og her har Bjørnstad godt lyrisk gehør, sjølv om eg framleis undrast over at han let visse engelske ord som «City» stå uomsette i Det misfarne landet, som i «Gravlegging av dei døde»:
Uverkeleg City
under den brune skodda, i ei vinterdragning
fløymde ei mengd over London Bridge, så mange,
Aldri tenkte eg at døden gjort av med så mange.
Gitt at diktet alt inneheld fleire språk, tysk og fransk, fungerer det likevel greitt. Gjendiktinga er i det heile skrive i eit syngjande og rikt nynorsk som opnar Eliots komplekse verd for ein ny generasjon Eliot-lesarar. Å lese Bjørnstad før ein går laus på den engelske originalen, vil opne opp fleire av dei vanskelege partia i begge dikta. Nynorsk er eit språk som oftast syng best i knappleiken, noko som passar fint for Eliots fragmentariske, konsentrerte og formstrenge lyrikk. Nokre plassar får det Eliot til å lyse på ein ny måte. Dette partiet trefte i alle fall meg med ei kraft som eg ikkje kjende då eg las originalen:
For dei fleste av oss finst berre den uforvarande
Stunda, stunda i og ute av tida,
Eit plutseleg innsyn, fortapt i ei strime av solskin,
Vill timian usett, eller vinterlynet,
Eller fossen, eller musikk høyrt så djupt
At den ikkje er høyrt i det heile, men du er musikken
Medan musikken varer.
Å lese Eliots Four Quartets på engelsk vil for dei fleste norske lesarar krevje ein god del arbeid for at diktet skal opna seg og lyse i sin lutra venleik. Difor er det ei glede at ein no kan få enklare tilgang til desse dikta gjennom Bjørnstads lette, klanglege nynorsk. Med ein stil som vågar å vere språkleikande, gjev han oss ein ny inngang til Eliot som skil seg frå tidlegare bokmålsomsetjingar gjennom ei luftigare og lettare stemning.
Ei anna glede ved denne utgåva er Bjørnstads hjelpsame føreord, som gjer mykje for å gripe konteksten for den jamne lesaren som ikkje har tid til å setje seg inn i dei minutiøse detaljane i dikta. Og etterordet ved Mads Skram Lerø gjev oss ei klar og fin oversikt over Eliots dikting frå Det misfarne landet til hans seine dikting, inkludert kvartettane, og maktar å knyte saman liv og dikting utan å banalisere nokon av dei. Når eg neste gong skal introdusere Eliot for studentane mine på litteraturvitskap i Bergen, kan eg no oppmode dei til å lese Lerøs tekst og deretter omsetjinga til Bjørnstad før dei går laus på Eliots krevjande original.
I ei tid då estetisk kunnskap og litterært arbeid vert relativisert av kunstig intelligens, og all språkbruk og språkrikdom blir forflata, er Bjørnstad sitt verk eit lyspunkt. Dette er ei bok for alle som er interesserte i å sjå potensialet i nynorsk dikting i dag. Bjørnstad viser at det sjølv no, «undar vilkår som / verkar vilkårlege», er mogleg å oppnå ein språkleg renessanse, at språket vårt, som stundom kan synast å nærme seg slutten sin, berre er ved si byrjing.
Eirik Fevang, stipendiat i litteraturvitskap ved Universitetet i Bergen